2019 - Kjersti Mjør

2019 – Kjersti Mjør

Føremålet med Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er å fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre. I statuttane står det at prisen vert gjeven til ein dyktig journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk.

Kjersti Mjør fekk nynorskprisen for 2019

Kjersti Mjør fekk nynorsprisen for journalistar i Aasentunet den 14. juni. Foto: Rune Fossum Lillesvangstu

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2019 gjekk til Kjersti Mjør i Bergens Tidende.

– Ingen skildrar vestnorsk liv som Kjersti Mjør. Ho får tagale hardingar i tale. Ho får tytete bergensarar til å tenkje. Og etterpå skaper ho ordkunst av det ho finn og gjer historiene nære og relevante for alle, seier juryen om prisvinnaren.

Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk, og vart delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 14. juni.