2020 - Eivind Molde

2020 – Eivind Molde

Føremålet med Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er å fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre. I statuttane står det at prisen vert gjeven til ein dyktig journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk.

Eivind Molde fekk nynorskprisen for 2020

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2020 gjekk til Eivind Molde i NRK.

– Prisvinnaren er ikkje av dei som stikk seg fram i utrengsmål. I over 30 år har denne smålåtne sogningen likevel gjort ein uvurderleg innsats for god journalistikk på nynorsk og godt språk generelt i NRK. Eivind Molde brukar eit klart og tydeleg språk og set nynorsk normaltalemål i høgsetet. Han lagar stoff til alle plattformer og har ei særleg evne til å framstille vanskelege forhold på ein enkel og forståeleg måte for den jamne lyttar, sjåar og lesar, skriv juryen.

I 2019 innfridde NRK, for fyrste gong, stortingsvedtaket frå 1970 om minst 25 prosent nynorsk i NRK. For å nå det målet har NRK drege vekslar på eit solid grunnfjell av nynorskbrukande journalistar i NRK, og Eivind Molde er i høgste grad ein del av det grunnfjellet, heiter det i fråsegna frå juryen.

– Det som har vore viktig for meg, anten om folk sit på bussen med ei propp i øyret, les oss på nrk.no eller ser oss på tv, er at folk forstår oss i NRK, seier Eivind Molde.

Prisen er på 75.000 kroner og eit kunstverk. Tidlegare har prisen vore utdelt under Dei Nynorske festspela i Aasentunet i Ørsta. Grunna koronapandemien vart prisen i år delt ut under eit lukka arrangement hjå NRK på Marienlyst i Oslo der også Eivind Molde har arbeidsstad.