Praktikantkurset

Praktikantkurset

Per 1. september 2019 har vi lært opp 150 nynorskpraktikantar sidan starten i 2004 og 53 prosent av dei arbeider i media. 37 prosent er i NRK. Totalt har 61 av dei tidlegare praktikantane fast arbeid i media, 45 av dei er i NRK.

NRK Nynorsk mediesenter prøver å rekruttere folk med ulike utdanningar og bakgrunnar, fordi journalistikken treng ei breiare rekruttering med omsyn til både språk, geografi, utdanning og samfunnsinnsikt. Det vert etterspurd i mange redaksjonar.

Går du med ein draum om å bli journalist, men har valt andre retningar på utdanningsvegen? Då kan eit halvår i NRK Nynorsk mediesenter vere løysinga. I dette yrket kan du få bruk for alt du har lært og røynt i livet.

Dei faste søknadsfristane til NRK Nynorsk mediesenter er 15. april og 15. oktober. Halvårskursa startar i januar og august. Bruttoløna er 16.700 kroner i månaden.

Kva fylke kjem dei frå?

Medrekna kull 31 har vi tilsett til saman 155 nynorskpraktikantar. Vi prøver å få tak i nynorskbrukarar frå heile landet, men tyngda av søkjarane kjem frå Vestlandet, der nynorsken er mest brukt. Ser vi på fylka fordeler nynorskpraktikantane seg slik:

  • 45 frå Sogn og Fjordane
  • 33 frå Møre og Romsdal
  • 32 frå Hordaland
  • 16 frå Rogaland
  •  8 frå Telemark
  •  6 frå Oppland (fire frå Nord- Gudbrandsdalen, to frå Valdres)
  •  5 frå Buskerud (Hallingdal)
  •  4 frå Trøndelag (alle fire frå tidlegare Nord-Trøndelag)
  •  3 frå Agder (ein frå Vest-Agder og to frå Aust-Agder)
  •  2 frå Nordland
  •  1 frå Troms

Semesteroppgåve om NRK Nynorsk mediesenter

Hausten 2013 skreiv Arnt Øyvind Siem ei semesteroppgåve om NRK Nynorsk mediesenter, som del av eit nettstudium i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Han snakka med tidlegare praktikantar og leiarar i NRK om kva røynsler dei har med senteret.- Det er ein gjennomgåande raud tråd i alle intervjua eg har gjort i denne oppgåva. Det er at NRK Nynorsk mediesenter får sterk karakter for den jobben som er gjort, både frå den nynorskspråklege og journalistiske innfallsvinkelen, sa Arnt Øyvind Siem då han leverte oppgåva. Han fekk karakteren A. Du kan lese oppgåva her