Betalt opplæring

Betalt opplæring

Nynorskpraktikantane vert tilsette i NRK for seks månader og får 16.700 kroner i brutto løn i månaden. Men halvåret som praktikant vert ikkje rekna som tenestetid i NRK.

NRK Nynorsk mediesenter lønnar også praktikantane dei to siste månadane i ekstern praksis. Halvåret som praktikant vert ikkje rekna som tenestetid i NRK, og det er korkje bindingstid eller garanti om arbeid etterpå. Men dei kan søkje på både faste stillingar og vikariat i tre år etter avslutta opplæring, og har prioritet til stillingar dei er fullt ut kvalifiserte for.

Skaffar hyblar

NRK Nynorsk mediesenter skaffar hyblar til praktikantane i Førde, men husleiga må dei betale. Når praktikantane er i ekstern praksis må dei skaffe seg hyblar sjølve.