Gjesteførelesarar våren 2018

Gjesteførelesarar våren 2018

I tillegg til eigne lærekrefter og tilsette i NRK Sogn og Fjordane og Firda brukar vi gjesteførelesarar om nynorsk og journalistikk. Dei fleste førelesingane har vi saman med praktikantane frå Nynorsk avissenter i Firda.

12. januar: Arve Sandal, føreles om Sogn og Fjordane; om næringslivet, folketalsutviklinga, geografien, kulturen og lynnet i det fyrste praksisfylket for praktikantane. Sandal hadde ideen til NRK Nynorsk mediesenter og var den fyrste leiaren for Nynorsk avissenter.

23. januar: Jorid Løvbakk, logoped i NRK og i Statped, Bredtvet kompetansesenter for logopedi. Ho føreles om og gjev praktiske øvingar i stemmebruk.

24. – 25. januar: John Inge Johansen, journalist i NRK Nordland, i Svolvær, føreles om MOJO-journalistikk. Mobil- og video-journalistikk, der ein gjere video-opptak med mobil eller kamera, redigere dei brennkvikt og legge dei levande bileta ut på nettet. Mange praktiske øvingar.

29. januar: Erlend Blaalid Oldeide, programleiar/journalist i NRK Sogn og Fjordane, føreles om intervjuteknikk. Oldeide var nynorskpraktikant på kull fire i 2006.

07. – 09. februar: Eva Westvik, journalist i NRK Sogn og Fjordane/programskapar for NRK Super, føreles om TV-kommentaren, med praktiske øvingar.

19. februar: Jan Olav Fretland, dosent ved Høgskulen på Vestlandet, i Sogndal. Han føreles om “Tal dialekt – skriv nynorsk”, om normering og dialektbruk. Han tek og føre seg endringane i nynorsknormalen frå 2012.

20. februar: Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter, snakkar om “Å vere nynorsking i media”, og Noralv Pedersen, språkkontakt i NRK Sogn og Fjordane, tek føre seg “Språket i NRK” m/øvingar.

21. februar: Brit Jorunn Svanes, journalist i NRK Sogn og Fjordane, føreles om Some, journalistikk på sosiale medium.

26.- 27. februar: Stian Sjursen Takle, programleiar i NRK Sogn og Fjordane, føreles om direkterapportering med øvingar.

01. – 02. mars: Oslo-tur med besøk i ulike redaksjonar i NRK og møte med leiarar og tidlegare praktikantar.

12. mars: Svein Brurås, fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, føreles om “Etikk i journalistikken”.

19. mars: Tone Merete Lillesvangstu, journalist i NRK Sogn og Fjordane, føreles om Nettfeature – den levande nettreportasjen.

16. april: Simon Solheim (bilete), vaktsjef i Dagsrevyen, føreles om å vere kritisk til makta og drive gravande journalistikk. Solheim var nynorskpraktikant i 2009/10, og kan difor også gje gode råd om korleis ein satsar etter NRK Nynorsk mediesenter.

23. april: Tur til Aasentunet, saman med nynorskpraktikantane i Nynorsk avissenter. Vi får omvising i Aasentunet og direktør for Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, gjev oss innsyn i historia og kampen for nynorsk.

Ikkje datofesta:

Erling Borgen, professor i samfunnskritisk dokumentarisme ved Høgskulen på Lillehammer. journalist og filmskapar. Han snakkar om den engasjerte journalisten. – Let det seg gjere å vere både idealist og journalist? spør vi.