Gjesteførelesarar hausten 2020

Gjesteførelesarar hausten 2020

I tillegg til eigne lærekrefter og tilsette i NRK Sogn og Fjordane og Firda brukar vi gjesteførelesarar om nynorsk og journalistikk. Dei fleste førelesingane har vi saman med praktikantane frå Nynorsk avissenter i Firda.

20. august: Silje Guddal, (bilete) føreles om «Vestland – eit eldorado for journalistar». Guddal er tidlegare journalist i NRK Sogn og Fjordane og arbeider no som rådgjevar i PwC i Stryn.

25. august: Kjell Ove Nordeide og Rune Fossum Lillesvangstu føreles om «Språket vårt». Noreide er leiar for Nynorsk Avissenter og Lillesvangstu faglærar i NRK Nynorsk mediesenter.

31. august: Asgeir H. Reksnes, journalist i NRK Vestland, Nordfjordeid, føreles om kjelder til stoff, saman med Rune Fossum Lillesvangstu. Reksnes var nynorskpraktikant på kull fire, i 2006.

02. september: Arne Stubhaug gjev «Enkel foto-opplæring». Stubhaug er fotograf i NRK Vestland, i Førde, og har lang røynsle som fotograf frå både avis og fjernsyn.

07.-10. september: Sondre Dalaker, videojournalist i NRK Vestland, i Sogndal, lærer vekk filming og redigering, fjernsyn og sosiale medium.

14. september: Erlend Blaalid Oldeide, programleiar/journalist i NRK Vestland, i Førde, føreles om intervjuteknikk. Oldeide var nynorskpraktikant på kull fire i 2006.

15. september: Jorid Løvbakk, logoped i NRK og i Statped, Bredtvet kompetansesenter for logopedi. Ho føreles om og gjev praktiske øvingar i stemmebruk.

17. -18. september: Håvard Heggen, journalist i NRK Vestland, i Førde, føreles om TV-kommentaren, med praktiske øvingar.

28.-29. september: John Inge Johansen, videojournalist i NRK Nordland, føreles om MOJO-journalistikk. Mobil- og video-journalistikk, der ein gjere video-opptak med mobil eller kamera, redigere dei brennkvikt og legge dei levande bileta ut på nettet. Mange praktiske øvingar.

05. oktober: Jostein Avdem Fretland, i Fretland & Fretland, føreles om «Tal dialekt – skriv nynorsk» – om normering og dialektbruk. Fretland er forfattar, komponist og omsetjar.

06. oktober: Noralv Pedersen, språkkontakt og journalist i NRK Vestland, Førde/Vik, tek føre seg «Språket i NRK» m/øvingar.

07. oktober: Marte Iren Noreng Trøen, journalist NRK Innlandet, føreles om «Sosiale medium i praksis». Trøen var nynorskpraktikant på kull 25, i 2017.

12.-13.oktober: Stian Sjursen Takle, programleiar i NRK Vestland, i Førde, føreles om direkterapportering  i radio og fjernsyn, med øvingar. i 2006.

15.-16. oktober: Oslo-tur med besøk i ulike redaksjonar i NRK på Marienlyst og møte med leiarar, tidlegare praktikantar og den nye språksjefen i NRK Karoline Riise Kristiansen.

26. oktober: Per Arne Kalbakk, etikkredaktør i NRK, føreles om «Etikk og journalistikk» og let praktikantane bryne på seg saker som skal opp i PFU.

03.-04. november: Tur til Medielandsbyen Bergen saman med praktikantane i Firda. Besøk i NRK, TV2 og Bergens Tidende. Vi er med på innspelinga av Eides språksjov og får ein føremiddag med programleiar Linda Eide.

16. november: Hanne Stedje, journalist ved Årdalskontorert til Sogn Avis. «Frå nabokrangel til trippeldrap» har vi kalla føredraget hennar, der ho fortel om kor allsidig, viktig og utfordrande det kan vere å arbeide som journalist i ei lokalavis.

23. november: Tone Merete Lillesvangstu, journalist og programleiar i NRK Vestland, i Førde, føreles om «Den gode featuren – tett på kjeldene». Om å skrive langt og kva arbeid som ligg bak.

01. desember: Tur til Aasentunet. Nynorskpraktikantane i NRK og Firda reiser til Ørsta og Aasentunet, for å lære meir om både Ivar Aasen og historia til nynorsken. Direktøren for Nynorsk kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark, er mellom dei som fortel.

07. desember: Marte Halsør, journalist i NRK Nyhende og NJ si vikarkontakt der, gjev råd om vegen vidare for nynorskpraktikantane. Ho var nynorskpraktikant på kull 17 i 2012/13 og har arbeidd i nyhendeavdelinga på Marienlyst etter praksis der. Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter, vert òg med på å gje råd og svare på spørsmål frå nynorskpraktikantane.