NRKs rekrutteringsprogram gjev prioritet

NRKs rekrutteringsprogram gjev prioritet

Då det vart innført tilsettingsstopp i 2008 bestemte leiinga i NRK at praktikantane frå NRK Nynorsk mediesenter og NRK FleRe skulle reknast som interne søkjarar i tre år etter avslutta program, med rett til å søkje også på faste stillingar, fordi desse opplæringane er strategiske rekrutteringstiltak i NRK. Ordninga har vore kalla både “positiv særbehandling”, “fortrinnsrett” og “prioritet”, og heldt fram då tilsettingsstoppen vart oppheva i 2010. Gjeldande retningsliner for dei strategiske rekrutteringstiltaka er frå 1. oktober 2013:

«NRK Nynorsk mediesenter og NRK FleRE  er strategiske rekrutteringstiltak fordi vi ønsker et økt antall ansatte og vikarer som snakker nynorsk eller har flerkulturell bakgrunn.

Søkere fra FleRE-prosjektet og Nynorsk mediesenter betraktes som interne søkere i tre år etter gjennomført program, og de skal gis prioritet til ansettelse i stillinger de er fullt ut kvalifisert for. Det samme gjelder for praktikantordningen i NRK Sàpmi. De same reglene for lovlig midlertidig ansettelse gjelder for disse som for andre midlertidige».

Kommentarer og utdyping:

Dette innebærer at vi til tross for bemanningskontroll fortsatt har som mål å øke andelen nynorskbrukere og flerkulturelle redaksjonelle medarbeidere i bedriften. Søkere fra våre strategiske tiltak har følgende muligheter:

• De kan søke og ansettes i internt utlyste stillinger, men allerede fast ansatte prioriteres foran dem.

• Eksterne ansettelser i faste stillinger må godkjennes i direktørmøtet. Dette gjelder ikke ved ansettelse av kandidater fra Nynorsk mediesenter eller FleRE, da disse regnes som interne.

• Ved eksternt utlyste stillinger skal de prioriteres til stillinger de er fullt ut kvalifisert for foran vikarer og andre eksterne søkere.

NB: Dei seks månadane som nynorskpraktikant skal ikkje reknast med i tenestetida. Den vert rekna frå 1.mars eller 1. juli, alt etter når praktikanten var ferdig med halvåret som nynorskpraktikant.

Ved intern utlysing

Dåverande personaldirektør Olav Nyhus bestemte 30. juli 2015 at det ved interne utlysingar skal stå at det er berre fast tilsette og kandidatar frå NRK FleRe og NRK Nynorsk mediesenter som kan søke på desse stillingane.

Formuleringa lyder slik: På grunn av dagens bemanningssituasjon i NRK er det berre fast tilsette medarbeidarar og kandidatar frå NRK FleRe og NRK Nynorsk mediesenter som kan søkje på denne stillinga.  

Jobbutsiktene

Det er ingen grunn til å løyne at det varierer mykje i kva grad dei nemnde reglane vert brukte. Det skjer, men jamt over er du heldig om du får vikariat i meir enn eitt år i NRK. Men nokon lukkast og får både det og fast jobb. Andre får seg arbeid i andre medieverksemder og vi er glade for å lære opp folk som er allsidige og dyktige nok til det.