3. november 2014

Full rulle i NRK Sogn og Fjordane

– Eg har gleda meg lenge til å kome ned på desken og få vere ein del av redaksjonen. Her er det full rulle og mykje energi, og det er veldig kjekt å jobbe i eit slikt miljø. Det kan vere litt utfordrande å finne på idear og vinklingar heilt sjølv, men heldigvis er journalistane på desken utruleg hjelpsame og vil at vi skal lykkast.

Det seier Sigrid Agnethe Hansen, som saman med resten av kull 21, endeleg er komen i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane. No ventar fire veker radio-praskis, to veker med nettarbeid og to veker i tv-praksis.

– Den første veka vår her nede blei rett nok litt utanom det vanlege, da det plutseleg var unntakstilstand i heile fylket med flaum og store øydeleggingar fleire stader. Men det er når slike hendingar skjer, at eg verkeleg forstår kor viktig jobb journalistar gjer – og det gir meg berre meir lyst til å halde på med det eg gjer no!