28. januar 2014

Fyrste møte i juryen

Den nye juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar møttest for fyrste gong i Førde fredag 24. januar. På eit telefonmøte i desember valde dei Håkon Haugsbø til leiar.

Haugsbø er kommunikasjonsdirektør i Kirkens Nødhjelp, og har over 20 års røynsle som journalist i NRK. Med seg i juryen har han forfattar og journalist Agnes Ravatn, Oslo, og Svend Arne Vee, redaktør i Firdaposten i Florø.

Juryen drøfta mellom anna korleis ein kunne forbetre utlysinga av prisen, både gjennom utsjånaden og ved å lyse meir på nettet. Dei sette fristen for å kome med framlegg til 1.april 2014, med utlysing i løpet av februar.

Dei skal ha møte i Oslo 5.mai, for å bestemme kven som skal få prisen for 2014. Overrekkinga vert i Aasentunet i Ørsta, fredag 27.juni, under Dei nynorske festspela. Sjå meir om Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar