14. september 2012

Fyrste sak på radio

Den fyrste saka gjekk på lufta i morgonsendinga måndag 10.09.12, og handla om hybellivet ved Firda vidaregåande skule. Veka før var eg på Sandane, og intervjua to kjekke jenter som nyleg har flytta frå Florø. Saka kan du høyre her På onsdag var eg på oppdrag i Dale. I haust har to klasser, ei frå […]

Den fyrste saka gjekk på lufta i morgonsendinga måndag 10.09.12, og handla om hybellivet ved Firda vidaregåande skule. Veka før var eg på Sandane, og intervjua to kjekke jenter som nyleg har flytta frå Florø. Saka kan du høyre herElevar_edited-2

På onsdag var eg på oppdrag i Dale. I haust har to klasser, ei frå Hafstad og ei frå Dale vidaregåande skule, teke i bruk nettbrett i staden for dei tradisjonelle lærebøkene. Denne veka var dei samla for å lære korleis dei skal bruke dei nye digitale verktøya. Eg må sei eg var svært imponert. Det er trass alt ikkje så lenge sidan eg sjølv gjekk på vidaregåande, og då skreiv vi alt med penn og papir. Ein digital revolusjon i skulen, med andre ord! Saka vart sendt i ettermiddagsendinga torsdag 13.09.12, og kan høyrast her Tilslutt legg eg ut ei lenkje til nettartikkelen om digitale læremiddelLærarane