21. august 2017

Dette er kull 27

Arianrhod Engebø, Førde, Sogn og Fjordane, Borghild Andersdotter Vevle, frå Osterøy i Hordaland, Ådne Sandvik Dyrnesli, Kinsarvik i Hordaland, Linda Watten, Luster i Sogn og Fjordane og Synne Ulltang, frå Os i Hordaland. Det var 29 søkjarar og ti av dei var inne til konferanse.

Kull 27 byrja på opplæringa i Førde 21. august og er ferdig her til jul. I januar og februar skal dei ha ekstern praksis i andre redaksjonar, og dei er ferdige som nynorskpraktikantar til 1. mars 2018.

Ådne Sandvik Dyrnesli, fødd 1993, kjem frå Kinsarvik i Hardanger. Han har bakgrunn som dokumentarfotograf, men har også arbeidd med video og andre meir kunstretta uttrykksformer. – Samnemnaren for det eg driv med er historieforteljing. Eg trur gode historier gjer verda til ein betre plass. Dei gjev oss sjansen til å få innblikk i andre sine liv, og å sjå delar av verda som er heilt annleis enn vår eigen kvardag, seier Ådne Sanvik Dyrnesli.

Han har to års fotografutdanning frå Nordic School og Photography i Oslo. Han har også ei årseining i kunsthistorie frå Universitetet i Oslo, og fotolina frå Lofoten folkehøgskule.

Arianrhod Engebø, fødd 1994, frå Førde i Sogn og Fjordane, med mor frå Wales. Både for å kome seg ut og kome nærmare familien i Wales har ho studert journalistikk ved Universitetet i Cardiff. Der tok ho ein bachelor i vår, og i bacheloroppgåva skreiv ho om skilnaden mellom norske og engelske ungdomar sin bruk av sosiale medium.

Under studia i Cardiff har ho vore aktiv i studentmedia og journalistforreininga. Ho har mellom anna fått arbeidsrøynsle frå BBC Wales, der ho var produksjonsassistent under filminga av serien Doctor Who. Ho har vore sommarvikar i Firda dei to siste somrane.

Synne Ulltang, fødd 1989, frå Lepsøy, Os i Hordaland. Kjem frå jobben som lektor på ein skule i Havøysund i Finnmark. Ho har master i engelskspråkleg litteratur frå Universitetet i Bergen. Det fyrste året av bachelorgraden reiste ho til University of British Columbia, i Vancover, der ho tok fag som nyare russisk litteratur, antropologi, kunst-og religionshistorie. Vidare studerte ho engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo og var ein svipptur innom lærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger.

– Sjølv om eg er akademikar har eg alltid vore redd for kultursnobberi. Oppveksten min på ei lita øy i havgapet har gjort at eg har støvlane godt plassert i fjæresteinane. Det som driv meg er jakta på den gode historia, og eg ønskjer å dele den gode historia med flest mogleg. For å kunne gjere det ser eg for meg ei framtid som journalist, seier Synne Ulltang.

Borghild Andersdotter Vevle, fødd 1993, frå Osterøy i Hordaland. Nett ferdig utdanna førskulelærar ved Høgskulen i Bergen. Før ho byrja der studerte ho journalistikk ved Norges Kreative Høgskule i Bergen i eitt år. – Men der var det så mykje snakk om at det ikkje var jobbar til oss når vi var ferdige at eg satsa på plan B, det trygge yrket førskulelærar. Har lært mykje på den utdanninga, men har likevel kome til at eg må prøve ut journalistdraumen, som eg har hatt sidan tidleg i tenåra, seier Borghild Vevle.

I studietida har Vevle vore med i StudentTV i Bergen, vore frivillig språkvert på språkkafe og arbeidd på sjukeheim.

Linda Watten, fødd 1994, frå Luster i Sogn og Fjordane. Ferdig med ein bachelor i sosiologi ved Høgskulen på Vestlandet i vår. Har også eit årsstudium i engelsk frå høgskulen i Sogndal. Ho har vore frilansar for Sogn Avis og arbeidd i nærradioen i Luster. Om somrane har ho vore turistguide for Skjolden Cruice Handling i Luster og pleieassistent på sjukeheimen. Watten har også vore aktiv i AUF.

– Eg er veldig glad i å skrive og prate med folk. Eg veit at eg vil bli journalist, og no er tida inn for å gjere ein jobb for å bli det, seier Linda Watten.