26. januar 2015

Gir gode råd om intervjuet

Erlend Blaalid Oldeide er programleiar/journalist i NRK Sogn og Fjordane. Han var nynorskpraktikant på det fjerde kullet i 2006. No er han tilbake på loftet og føreles for nye praktikantar om korleis dei skal bli gode intervjuarar.

Intervjuteknikk basert på radioprogrammet «20 spørsmål», der ein skal prøve å gjete kva som er spørsmålet, skapar god stemning. Praktiske øvingsoppgåver er berre ein del av førelesinga. Erlend Blaalid Oldeide har etter kvart lang erfaring som intervjuar og utspørjar av politiske parti under vala, og deler gjerne erfaringane sine vidare med nye journalistspirer.

Erlend Blaalid Oldeide føreles om intervjuteknikk  (Foto: Randi Indrebø/NRK)

Erlend Blaalid Oldeide føreles om intervjuteknikk (Foto: Randi Indrebø/NRK)