12. februar 2018

Gjesteførelesarane 2018

Simon Solheim, Erlend Blaalid Oldeide og Signe Fuglesteg Luksengard er tre tidlegare nynorskpraktikantar som står på lista over gjesteførelesarar våren 2018. Andre er Svein Brurås, Jorid Løvbakk, Jan Olav Fretland og Ottar Grepstad.

Dei fleste førelesingane er for nynorskpraktikantane både i NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter. Føremålet med gjesteførelesarane er å få inn spesialistar på nynorsk, ulike arbeidsformer i journalistikk, etikk, stemmebruk og samfunnskunnskap. Du finn heile lista med gjesteførelesarar her