https://nynorskmediesenter.no/Gjesteførelesarane hausten 2010
19. september 2010

Gjesteførelesarane hausten 2010

Bjørn Hansen, Ingunn Solheim (bilete), Anders Børringbo, Kari Sørbø og Håkon Haugsbø er mellom gjesteførelesarane til kull 13.

Attåt eigne lærekrefter og tilsette i NRK Sogn og Fjordane brukar vi gjesteførelesarar om ulike emne. Denne hausten kjem mellom andre Ingunn Solheim og snakkar om «den allsidige og engasjerte journalisten» og Bjørn Hansen om utanriksjournalistikk.

Onsdag 25, torsdag 26 og fredag 27. august : Brit Jorunn Svanes, nettjournalist og teknisk ansvarleg for nett og radio i NRK Sogn og Fjordane. Ho lærer praktikantane bruk av Maycom lydopptakar og opptaks- og regideringsprogrammet DIGAS, og skriving og publisering på nettsida til NRK Nynorsk mediesenter.

Torsdag 26. august : Arve Sandal, banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane. Han føreles om Sogn og Fjordane, om næringslivet, folketalsutviklinga, geografien, kulturen og lynnet i det fyrste praksisfylket for praktikantane. Sandal er tidlegare mangeårig redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane, og hadde ideen til NRK Nynorsk mediesenter.

Fredag 3. september : Roy Raasholm Fauske, redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane. «Kjelder til stoff», om postjournalar, offentleglova og praktiske øvingar i korleis ein finn fram.

Tysdag 14. september : Jorid Løvbakk, logoped i NRK og i Statped, Bredtvet kompetansesenter for logopedi. Ho føreles og gjev praktiske øvingar i  stemmebruk.

Fredag 24. september : Kari Sørbø, journalist i NRK Trøndelag, føreles om intervjuteknikk. Ho var programleiar for Her og Nå i NRK P1 i 18 år!

Måndag 27. september : Brit Jorunn Svanes, nettjournalist og teknisk ansvarleg for nett og radio i NRK Sogn og Fjordane, lærer praktikantane nettpublisering i Polopoly.

Tysdag 28. og onsdag 29. september : Andreas Grimsæth, nettjournalist i NRK, føreles om å skrive for nettet.

Torsdag 30. september : Jan Olav Fretland, 1. amanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og aktiv språkmann. Føreles om «Tal dialekt – skriv nynorsk», om normering og dialektbruk.

Onsdag til fredag 6.-8. oktober : Eva Westvik, journalist i NRK Sogn og Fjordane, gjev innføring i TV-kommentaren. Mange døme og praktiske øvingar.

Onsdag 13. oktober : Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum i Ørsta. Praktikantane dreg til Aasentunet og får ein dags innføring i historia og menneska bak nynorsken.

Tysdag 19. oktober : Stian Sjursen, journalist og programleiar i NRK Sogn og Fjordane, gjev innføring i bruk av HF, direktesending frå berbar sendar. Kva må ein tenkje på?

Måndag 25.oktober : Anders Børringbo, har jobba i gruppa Orginale nyhende (ON) på Marienlyst, no journalist i Samfunnsavdelinga. – Korleis drive kritisk journalistikk i kvardagen?

Måndag 1.november: Odd Isungset, tidlegare leiar for Pressas faglege utval (PFU). Han skal fortelje om røynslene sine derifrå og om «dei vanskelege grensene» i journalistikken, om presseetikk og Ver varsam-plakaten.

Måndag 8.november : Bjørn Hansen, om livet som utanriksmedarbeidar. Hansen har lang fartstid som journalist i NRK. Hadde si siste sending då Obama vart president i USA. Er pensjonist,  men aktiv som kommentator i aviser og NRK.

Måndag 29.november: Olav Viksmo Slettan fortel praktikantane om korleis ein kan bruke seg sjølv på direkten. Kva skal ein gjere for å bli god?

Måndag 15. november : Ingunn Solheim, politisk reporter i NRK. Ho skal snakke om den allsidige og engasjerte journalisten. Solheim har sjølv vore nynorskpraktikant i NRK Sogn og Fjordane, og seinare arbeidd i både NRK, Kanal 24 og TV2.

Måndag 22. november: Håkon Haugsbø, programleiar i NRK Brennpunkt, kjem for å snakke om kritisk journalistikk.