5. januar 2017

Gjesteførelesarar våren 2017

Lista med gjesteførelesarar er klar og nye namn der er redaktøren i Klassekampen, Bjørgulv Braanen, og redaksjonsleiar Ingunn Andersen i innariksavdelinga i NRK Nyhende og redaksjonssjef Christian Fougner i NRK.no. Elles held Håvard Heggen fram med å førelese om TV-kommentaren, Svein Brurås om etikken i journalistikken og Ingvild Bryn skal møte nynorskpraktikantane, som vikar for språksjefen i NRK. Erling Borgen (bilete) har blitt «tradisjon» som den siste gjesteførelesaren for kvart kull. Han snakkar om den engasjerte journalisten, og om det går an å vere både idealist og journalist. Nynorskpraktikantane skal på tur både til Aasentunet og Marienlyst, og dei fleste førelesingane er sams for praktikantane i Nynorsk avissenter og NRK Nynorsk mediesenter.

Du kan sjå heile lista med gjesteførelesarar her

Gjesteførelesingane har fokus på stemmebruk, nynorsk, og ulike sjangrar/plattformer i journalistikken. Dei kjem i tillegg til den daglege læringa i alt dette, som faglærarane har hand om. Praktikantane, både i NRK og Firda, får Sogn og Fjordane som fyrste kjeldegrunnlag. Difor hyrar vi i starten av kvart kull inn den røynde mediemannen, Arve Sandal, med stor lokalkunnskap, for å gje dei ei oversikt over fylket og kva her å ta tak i.

Stemmebruk

Når ein skal arbeide i etermedia er det viktig med god stemmebruk, og dei fleste må arbeide mykje med stemma si for å bli gode og tydelege på lufta. Dette kan vere eit kjenslevart felt å gå inn i, fordi stemma vår kjennest som ein del av personlegdomen vår. Når ho skal brukast profesjonelt til å nå ut med informasjon sit vi ikkje lenger heime med kjøkenbordet og snakkar i veg som vi vil. Vi må justere både eitt og hitt, og ta tak i både gode og dårlege kjensler for stemma vår. Til dette brukar vi logoped Jorid Løvbakk, i NRK og Statped, Bredtvet kompetansesenter for logopedi. Ho har ein dag med nynorskpraktikantane, til medvitsgjering kring stemmebruk, gode råd og øvingar med kvar einskild praktikant i plenum. Her gøymer vi oss ikkje vekk på einerom, vi må trene på at «alle» kan høyre oss.

Jorid Løvbakk har vore med heilt frå starten av NRK Nynorsk mediesenter, og  har ei fantastisk evne til å formidle stemmebruk og naturleg framføring. Dei som får jobb i NRK har fordelen av å kunne bruke kunnskapane hennar seinare også, då ho har «stemmedagar» både på Marienlyst og rundt om på fleire av diskriktskontora.

Språket

Vi føreset at nynorskpraktikantane kan nynorsk, her legg vi vekt på nynorsk som mediespråk og bakgrunnen og historia til nynorsken. Difor besøkjer vi Aasentunet i Ørsta fast. Der får nynorskpraktikantane omvising i museet etter Ivar Aasen og ei kort innføring i det enorme arbeidet han gjorde for spårket vårt, med Gaute Øvereng, dagleg leiar for Aasentunet. Dei møter også direktør Ottar Grepstad, i Nynorsk kultursentrum. Han snakkar om nynorsken si stilling i dag, ofte med utgangspunkt i heimkommunane til praktikantane i NRK og Firda.

Ein annan språkførelesar for praktikantane er dosent Jan Olav Fretland, ved Høgskulen på Vestlandet, Sogndal. Han føreles om normering og dialektbruk med utgangspunkt i det gamle slagordet «Tal dialekt – skriv nynorsk». Mange nynorskpraktikantar opplever dagen med Fretland som ei oppfrisking av nynorskkunnskapane sine, og spør ofte «kvifor lærde vi ikkje dette på skulen?»

På turen til redaksjonane på Marienlyst skal kull 26 med nynorskpraktikantar møte fungerande språksjef Ingvild Bryn, som sikkert har mange gode råd å gje som mangeårig nyhendeanker og nynorskbrukar i NRK. Det har også tidlegare nynorskpraktikantar som dei møter der. Journalist Noralv Pedersen er språkkontakt i NRK Sogn og Fjordane, og medlem av språkstyret i NRK.  Han gjev nynorskpraktikantane innføring i språkreglane i NRK, med øvingar. Same dagen snakkar Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter, om å vere nynorsking i media. Dei må rekne med å møte motstand og delvis hån, at kollegaer snakkar om språket deira som ei mare og plage. Men óg forventningar om at dei som nynorskbrukarar skrive alt rett, til ei kvar tid, og kritikk om dei ikkje gjer det. Særleg frå nynorskfolk. Og dei som vil satse på avis kan bli nekta å skrive nynorsk i det heile, det gjeld både i riks-, region- og lokalaviser. Men det vanskar også ros og openberr glede over at vi brukar nynorsk, og det må vi også trekkje fram.

Ny gjesteførelesar i år er redaktøren i Klasskampen, Bjørgulv Braanen. Han er mellom dei redaktørane som medvite satsar på nynorsk i spaltene, og Klassekampen er ei av få aviser her i landet med opplagsauke. Braanen skal snakke om «Samfunnsoppdraget, slik lagar vi Klassekampen», der vert det nok óg naturleg å snakke om satsinga på nynorsk.

Journalistikken

Dette er eit stort felt, som vi ikkje rekk over spennvidda i på fire månadar med opplæring og praksis i Førde. Vi brukar nyhendejournalistikken som mal for opplæringa, med fokus som leieord for kva saka skal handle om. Får ein grepet på det i ei kort nyhendesak, kan ein bruke det i andre format og lengder også. Dette er det faglærarane Randi Indrebø og Rune Fossum Lillesvangstu terpar på kvar dag. Saman med leiaren for Nynorsk avissenter, Ivar Myklebust Longvastøl, går faglærar Rune, tidleg gjennom kjelder til stoff, med øvingar. Frå Høgskulen i Volda kjem fyrsteamanuensis Svein Brurås, og føreles om etikk i journalistikken, og frå NRK Nordland den fleirmediale journalisten John Inge Johansen. Han skal lære praktikantane MOJO-journalistikk, det vil seie opptak, redigering og publisering på mobiltelefon.

Brit Jorunn Svanes, journalist i NRK Sogn og Fjordane føreles om SoMe, journalistikk for sosiale medium. Tone Merete Lillesvangstu, også ho journalist i NRK Sogn og Fjordane, har ein dag med nynorskpraktikantane om den levande nettreportasjen. Mot slutten av tida i Førde kjem redaksjonssjef Christian Fougner i NRK.no og Ingunn Andersen, redaksjonsleiar for innanriksredaksjonen på Marienlyst. Ho skal snakke om den digitale forteljeteknikken, medan han tek føre seg den redaksjonelle tenkinga i NRK.no, og kva den krev av sakene og journalistane.  

Journalist Håvard Heggen byrja journalistkarriera si som nynorskpraktikant i NRK Møre og Romsdal fyrst på 1990-talet, og arbeidde mange år i Dagsrevyen før han kom til NRK Sogn og Fjordane hausten 2016. Han har tre dagar med nynorskpraktikantane om TV-kommentaren, med mange øvingar. Det er to tidlegare nynorskpraktikantar til på lista over gjesteførelesarar denne våren. Simon Solheim, som arbeider både i Dagsrevyen og Brennpunkt. Han føreles om å vere kritisk til makta, og om å drive gravande journalistikk. Solheim var nynorskpraktikant på kull elleve i 2009/10, og skal også gje gode råd til praktikantane om journalistlivet etter NRK Nynorsk mediesenter. Det same kan journalist/programleiar Erlend Blaalid Oldeide gjere når han føreles og trenar dei i intervjuteknikk. Han var nynorskpraktikant på kull fire, i 2006.

Erling Borgen, professor i samfunnskritisk dokumentarisme ved Høgskulen på Lillehammer, journalist, filmskapar og statsstipendiat frå 2014, er den siste gjesteførelesaren før praktikantane dreg frå Førde 30. april. Han snakkar om den engasjerte journalisten, og om det let seg gjere å vere både idealist og journalist? Kull etter kull seier at dei får eit skikkeleg løft om kva god journalistikk betyr i møte med Erling Borgen.