29. august 2016

Gjesteførelesarar i haust

Tradisjonen tru har vi gjesteførelesarar kvar måndag når nynorskpraktikantane har vore her vel ei veke. Nye på lista i haust er Håvard Heggen, Simon Solheim og Tone Merete Lillesvangstu. Heggen har vore journalist i NRK Dagsrevyen i mange år, men byrja i dag som journalist i NRK Sogn og Fjordane. Han skal lære praktikantane om TV-kommentaren. Simon Solheim (bilete) er utlånt frå Dagsrevyen til Brennpunkt, og skal førelese om å vere kritisk til makta og drive gravande journalistikk. Tone Merete Lillesvangstu er journalist i NRK Sogn og Fjordane og tek føre seg «Den levande nettreportasjen».

Det vert fleire nye førelesarar, men alle har ikkje svart på når dei kan kome. Lista over gjesteførelesarar er såleis ikkje endeleg, men slik ser ho ut per 29. august.