13. januar 2020

Gjesteførelesarar våren 2020

Komande fredag er logoped Jorid Løvbakk gjesteførelesar i NRK Nynorsk mediesenter. Ho er logoped i NRK og i Statped, Bredtvet kompetansesenter for logopedi. Ho gjev råd og praktiske øvingar i stemmebruk, og har gjort det til alle dei 32 kulla våre.

Førelesinga med logopeden er berre for nynorskpraktikantane i NRK, men elles er dei fleste gjesteførelesingane sams for praktikantane våre og Nynorsk avissenter sine i Firda. Førelesingane handlar mest om nynorsk, journalistikk og etikk.

Sjå heile lista med gjesteførelesarar her