24. april 2012

Gleda

– Eg har hatt få sorger i livet. Dei fleste tok eg på forskot, sa Venstre-mannen Ludvig Botnen då eg portrettintervjua han fyrst på 1980-talet. Han var bladmann og stortingsmann, og sunnfjording. Det var det siste som gjorde at han var budd på alt som kunne gå gale. Difor må vi sunnfjordingar trene oss på å […]

– Eg har hatt få sorger i livet. Dei fleste tok eg på forskot, sa Venstre-mannen Ludvig Botnen då eg portrettintervjua han fyrst på 1980-talet. Han var bladmann og stortingsmann, og sunnfjording. Det var det siste som gjorde at han var budd på alt som kunne gå gale.

Difor må vi sunnfjordingar trene oss på å glede oss, gjere det til ei dagleg øving. For tida har eg mykje glede av å mure med stein. Det er ei fast vårvinne, sidan vinteren ofte fer stygt med dei nokså ustabile murane eg har hespa saman gjennom åra. Eg ser på nabokarane, som ikkje får lagt ein stein utan tunge maskiner, og gler meg over mykje gratis styrketrening der eg balar med steinane mine.

Gleda i stein Eg har reklamert mykje for muring som leiarterapi, ein god måte å få ut oppsamla irritasjon og motløyse på. Ein tidlegare undersått sende meg eit bilete her om dagen, av ein svær mur. Under stod det berre «Søndagsarbeid». Eg fryda meg over at han hadde fått meg seg gleda som ligg i stein!  Han hadde då lært noko nyttig av meg.

Gleda i nynorsk Som nynorskbrukar og forkjempar gjeld det å telje sine gleder, meir enn alle slaga. I går melde NRK Sogn og Fjordane at det skal forskast på kvifor elevane i Sogn og Fjordane gjer det så godt på nasjonale prøver og eksamenar?

Ein språkforskar lanserer teorien om at det kan vere fordi dei er tospåklege, dei lærer både nynorsk og bokmål. Dei får ei språkleg stimulering som kan auke evna til å lære. Skulelevane i Sogn og Fjordane hamlar opp med dei i Oslo-skulen i resultat, der det vel helst vert sett på som best å ikkje lære nynorsk. Det skal bli spennande kva forskinga på skulelevane i «nynorsklandet» Sogn og Fjordane kjem fram til.

Gleda over framgang  I NRK Nynorsk mediesenter er vi i ferd med å sende «ut i verda» det sekstande kullet med nynorskpraktikantar. Det er tid for dei siste formaningar og råd om korleis dei skal te seg for å overleve der dei kjem. Vi har hatt fleire slike samtalar dei fire månadane dei har vore i Førde, og vi stryk dei ikkje nett med håra. Nokon tek fort til seg kva dei må gjere for å bli betre, hjå andre sit det lenger inne. Bortforklaringane står stundom i vegen for læringa. Då er det kjekt når det endeleg losnar, når vaktsjefane melder om framgang og sjølvkjensla får rot i røyndommen. Då er det ei glede å sende dei vidare til neste redaksjon, nye faddrar og nye leiarar, som kan bli avgjerande for framtida deira i media.

I den siste medarbeidargranskinga for NRK Nynorsk mediesenter var det særleg eitt punkt som gledde meg. Det var at kull 14 og 15 tykte medarbeidarsamtalane også betydde noko for deira personlege utvikling, ikkje berre den faglege og i høve til arbeid. Då er vi på rett spor.

Gleda over fast jobbI dag fekk vi melding om at nok ein tidlegare nynorskpraktikant har fått seg fast arbeid i NRK. Av dei 75 vi har sendt frå oss så langt har 28 fast arbeid i media, og 22 av dei er i NRK. Og i førre veke fekk ei frå fyrste kullet jobben som leiar for Språkåret 2013. Jau, det er mykje å glede seg over, sjølv  for ein sunnfjording.

Forfattaren Jan-Magnus Bruheim skreiv om «Den annsame», han som aldri hadde tid til noko, hadde det travelt støtt. Eg prøver å minne meg sjølv på siste strofa i diktet, og ta lærdom av ho: Ei glede sprang etter på vegen, men nådde han aldri att!