12. desember 2017

God start for nytt språkkurs

Har stabla på beina eit nytt nynorskkurs til bruk i NRK-redaksjonar.

Her er to av dei nøgde kursdeltakarane; Elin Helgheim og Synnøve Horvei, saman med Noralv Pedersen (t.v.) og Rune Fossum Lillesvangstu. Foto: Bjørg Langeland

«Nyttig også for bokmålsfolk» og «eg fekk lyst til å skriva meir nynorsk» var nokre av tilbakemeldingane då journalistar og fotografar i NRK Hordaland nyleg vart kursa i nynorsk.

NRK Nynorsk mediesenter har i samarbeid med språksjefen og NRK Sogn og Fjordane teke initiativ til å gjennomføre nynorskkurs for redaksjonar internt i NRK. Bakgrunnen for dette var «Handlingsplan for nynorsk 2017-2018», der det vert tilrådd kurs for å styrkje nynorskkompetansen i NRK. Det første kurset vart skipa 5. desember 2017 for NRK Hordaland (DK og riks) i Bergen.

Til saman 18 medarbeidarar i NRK Hordaland møtte opp på dei to tre-timars språkkursa (føremiddag og ettermiddag). Fleire av desse var bokmålsbrukarar eller folk som hadde bokmål som hovudmålform. Kurset var ein kombinasjon av førelesing, plenumsdrøftingar og øvingar. Emna for kurset var NRK sitt ansvar for nynorsk, nynorskrettskrivinga 2012, kjenneteikn på ein god nynorsktekst, bokmålssmitte, korrekt språk og godt språk. Det var øvingar undervegs.

På begge kursa var engasjementet stort og innspela frå deltakarane mange. Evalueringsskjemaa viser at deltakarane gir språkkurset gjennomgåande positiv tilbakemelding. Dette er nokre av kommentarane: “Inspirerande og strukturert. Godt pedagogisk opplegg!”, “konkrete tips”, “fin repetisjon av grammatikk”, “god stemning”, “nyttig også for bokmålfolk”, “dyktige folk”, “eg fekk lyst til å skriva meir nynorsk”, “ope for innspel og spørsmål heile vegen er bra”, “veldig kjekt”, “mange aha-opplevingar”, “lærerikt og enkelt å hengje med”, “nynorsk kan være veien til konkret og god journalistikk”, “god oppfrisking av ‘gamal’ kunnskap”, “alle, uansett målform, bør gå på slike kurs”.

-Eg prøver å vri hjernen og tenkje om eg nokon gong før medan eg har jobba i NRK har vore på noko som liknar på eit språkkurs, men nei… Eg har sjølvsagt lese språkbrev i alle år. Det er ikkje det at eg føler meg mindre verdsett som NRK-medarbeidar som brukar nynorsk, men eg føler at det verkeleg er opp til meg sjølv å arbeide med språket, og det er lite vi nynorsk-brukarar får utan å vere veldig flinke sjølv. Derfor var det nesten litt fantastisk å få eit kurs midt i arbeidstida der vi vart inviterte til å tenkje høgt saman omkring språket generelt og nynorsk spesielt. Og ein må ikkje vere nynorskbrukar for å ha glede av dette kurset. Bokmålsfolk må og kunne nynorsk, særleg i NRK, og dessutan er godt og tydeleg språk ei like viktig oppgåve på begge målformer, seier kursdeltakar Elin Helgheim.

Fleire andre redaksjonar har allereie signalisert ønske om å få kurset, som vert leia av kurshaldarane Noralv Pedersen (NRK Sogn og Fjordane) og Rune Fossum Lillesvangstu (NRK Nynorsk mediesenter).

-Dette er bra! Det er språksjefen som betaler for kurset, så søknad om å arrangere liknande kurs går til meg eller Ragnhild Bjørge, skriv språksjef Ingvild Bryn på workplace.