9. oktober 2013
av Magni Øvrebotten

Gode gjesteførelesarar

Me har hatt fleire gode førelesingar på NRK Nynorsk mediesenter, men dei siste vekene har me hatt besøk av to eg vil trekkje fram spesielt.

I går var Jan Olav Fretland, 1. amanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og aktiv språkmann, på besøk. På planen stod det at han skulle førelese om “Tal dialekt – skriv nynorsk”, om normering og dialektbruk, og at han skulle ta føre seg den nye nynorsknormalen. Det gjorde han til gagns. Her lærte eg mykje, og som elles i opplæringa var det lagt opp til meir øvingar enn førelesing. Det var dessutan to morosame og svært underhaldande dagar, så om du vurderer å søkje deg hit etter jul kan du gle deg til Fretlandførelesinga.

Sist veke var Eva Westvik, journalist i NRK Sogn og Fjordane, her for å førelese om TV-kommentaren. Her fekk me prøve oss mykje sjølve, men me fekk òg ei grundig og god teoretisk innføring i måtar å arbeide på. Å få både teori og praktiske øvingar er ein god måte å lære på for meg, så eg tykkjer eg sit att med mykje etter desse dagane. Dette er verkeleg tre dagar du som ein eventuell ny nynorskpraktikant kan sjå fram til.