16. april 2020

Gode søkjartal til haustkullet

28 kvinner og 17 menn har søkt på dei fem stillingane som nynorskpraktikantar på kull 33. Faglærar Rune Fossum Lillesvangstu og leiar Magni Øvrebotten går no i gang med å finsikte kandidatane.

Det kom inn 45 søknadar til dei fem plassane på kull 33 ved NRK Nynorsk mediesenter. Talet har vore stabilt på over 30 søkjarar dei siste kulla, men det er ei stund sidan vi har hatt så mange som denne gongen. – Ja, vi må heilt attende til dei fyrste åra vi dreiv  – 2004-08 – for å sjå slike søkjartal. Det var den tid «alle» ville bli journalistar. Så 45 søkjarar til kull 33 er langt over forventningane, seier leiar Magni Øvrebotten. Men når det gjeld søkjartal reknar ho med at det vert låg, til det motsette er bevist.

– No er det berre å sette seg til å lese søknadar og kalle inn til videokonferansar dei to komande vekene. Hadde berre folk skjønt at vitnemål og attestar ikkje berre er for arkivet, men noko det er lurt å legge ved søknadar, hadde det gått mykje raskare. Så send oss gjerne det utan masing, folkens! Legg også med vitnemålet frå vidaregåande! Direkte til: magni.ovrebotten@nrk.no

På grunn av koronasituasjonen vert det berre videokonferansar denne gongen. Det har vi berre brukt i spesielle høve tidlegare, men no brukar vi det for alle, slik at det vert like vilkår. Det er faglærar Rune Fossum Lillesvangstu og leiar Magni Øvrebotten som tilset. Vi reknar med å tilsette dei fem heldige i byrjinga av mai.

Her er heile søkjarlista:

  • Kristin Aakvaag (26), Alversund
  • Sondre Nesbø Aarland (23), Fitjar
  • Thore Johan Bakke (49), Våle
  • Peter Nore Bengtsson (27), Lillehammer
  • Alf-Jonny Berge (30), Oslo
  • Sigbjørn Bøtun (27), Oslo
  • Kennet Dvergedal (25), Årdalstangen
  • Sissel Elisabeth Dyrstad (31), Bergen
  • Kari Lisa Eide (24), Oslo
  • Linn Haug Eide (26), Oslo
  • Synnøve Ravnestad Eikefet (28), Førde
  • Pål-Victor Hartor Ese (21), Førde
  • Andreas Gjøsæther (23), Fyllingsdalen
  • Embrik Jørgensen Granli (25), Leira i Valdres
  • Amalie Grindedal (19), Feios
  • Andreas Heier (20), Kristiansand
  • Mariell Hårvik (20), Vormedal
  • Fride Jøsok (24), Jakobsli
  • Dina Gjertine Svendal Kleiven (23), Florø
  • Ingrid Bøysen Klyve (22), Trondheim
  • Seline Larsen (21), Måløy
  • Peder Lauvås (29), Oslo
  • Oda Flaten Lødemel (26), Sykkylven
  • Ingrid Nedrebø (23), Straumsnes
  • Sofie Retterstøl Olaisen (26), Trondheim
  • Ingelin Olsen (29), Kristiansand
  • Synne Muren Olsen (25), Levanger
  • Cecilie W. Disch Olsrød (19), Tolvsrød
  • Mehiar Issam Qaddowri (43), Tvedestrand
  • Håkon Hagen Ringhus (21), Kristiansand
  • Erling Rognhaugen (24), Kristiansand
  • Bodil Taule Rørvik (23), Bergen
  • Kristin Storhaug (24), Bergen
  • Lidvard Sandven (23), Øystese
  • Synne Sandven (24), Oslo
  • Johanne Antonia Assersen Skadberg (21), Bjerkreim
  • Birthe Skingen (25), Ulsteinvik
  • Matilde Solsvik (20), Rong
  • Ann Linn Stølen (22), Naustdal
  • Eirin Tjoflot (25), Hovland
  • Amalie Jensen Tolo (23), Norheimsund
  • Hanna Ullaland (18), Naustdal
  • Andreas Zacariassen (22), Oslo
  • Taline Vinjevoll Årdal (21), Førde

I tillegg er éin søkjar er unnateke offentleg innsynsrett.