15. januar 2014
av Magni Øvrebotten

Godt i gong i Førde.

Då har vi vore i Førde i litt over ei veke, og er alt godt i gong med alt vi skal lære. Den siste veka har vi lært mykje om opptak og lydredigering til radio, og vi har allereie laga to saker.

IMG_0007(1)

Frå høgre: Halvor Farsund Storvik, Guro Kvalnes, Oddbjørn Myklebust Opsal, eg og Liv Ragnhild Holdhus Sjursen.

Dagane er fylde med mykje læring, både i teori og praksis, og eg synast vi er ganske heldige som får gå ut å lage reportasjar allereie i veke 2. Vi får rett og slett vere med på mykje kjekt, både på dagtid og kveldstid, og vi lærar stadig noko nytt. Det er mykje informasjon som skal inn på kort tid, men det er utruleg lærerikt og spennande å få vere med på denne prosessen. Og at eg har 4 kjekke medpraktikantar her saman med meg, gjer opplevinga endå litt betre.