11. november 2019

Gratulerer Asgeir Heimdal Reksnes

På årsmøte i Norsk Journalistlag Sogn og Fjordane fekk Asgeir Heimdal Reksnes presseprisen for årets nyheitssak. Han er journalist i NRK Sogn og Fjordane og saka handla om «Vegmilliardar til minibygder». Reksnes var nynorskpraktikant i 2006 og har arbeidd i NRK Sogn og Fjordane etter det, med base i Nordfjord. Vi gratulerer!

Juryen seier dette:
Årets nyheitssak er ei sak som angår mange. Bur du på Vestlandet er du vant til ras og å leve med frykta for dei. Mange krev meir pengar til veg, men korleis blir desse midlane eigentleg brukt?
Asgeir Heimdal Reksnes og NRK Sogn og Fjordane sin «Vegmilliardar til minibygder» set fokus på nettopp det. Dette er ein svært godt løyst nyheitsfeature som set eit kjent sakskompleks i perspektiv. Journalisten viser tradisjonell gravande journalistikk av høg klasse, eit solid arbeid med innhenting av data noko som får fram nye tal: 3,7 milliardar kroner til totalt 600 menneske i avsidesliggjande bygder. Saken er godt gjennomarbeida, journalisten set problemstillinga godt opp og har jobba fram eit veldig godt case. Heile saka er særs godt formidla med ein god penn og nydeleg digital historiefortelling.

Gratulerer til Asgeir og dei andre involverte i denne saka!

Her er den:
https://www.nrk.no/…/staten-skal-bruke-3_7-milliardar-pa-ve…

Stine Kyrkjebø Johansen sitt bilete.
Frå venstre Ingvill Drægni, TV 2, som var leiar for juryen som peika ut årets nyheitssak. Brit Jorunn Svanes, som tok mot blomane på Asgeir sine vegne. Svanes er leiar for journalistlaget i NRK Sogn og Fjordane. Vidare Jens Kihl, BT, som er med i juryen. Det er også Birgitte Vaksdal, Bergensavisen.