5. juni 2020

Grunngjevinga frå juryen 2020

Journalist Eivind Molde i NRK får Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2020. Prisen er på 75.000 kroner og eit kunstverk. Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og er eit føredøme for andre.

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2020

På nyåret 2020 var det klart at NRK for første gong hadde innfridd stortingsvedtaket frå 1970 om at 25 prosent av stoffet skulle vere på nynorsk. For å nå denne milepålen har allmenkringkastaren drege vekslar på eit solid grunnfjell av nynorskbrukande medarbeidarar, og årets vinnar av Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er i høgste grad ein del av dette grunnfjellet.

Årets prisvinnar brukar eit klart og tydeleg språk og set nynorsk normaltalemål i høgsetet, produserer stoff for alle plattformer og har ei særleg evne til å framstille kompliserte forhold på ein enkel og forståeleg måte for den jamne lyttar, sjåar og lesar. Prisvinnaren har òg ord på seg for å vere hjelpsam og ein god rettleiar for kollegaene i så vel språklege som journalistiske spørsmål.

Prisvinnaren starta som sommarvikar i NRK Dagsnytt i 1989 og vart fast tilsett i 1990. I ei årrekkje tente han fast på nyhendebulletinen, i mange av dei berre på natt. I dei seinare åra har prisvinnaren spesialisert seg på klima- og miljøsaker. Han dekte til dømes FNs klimakonferanse i Paris i 2015 for alle NRKs plattformer på ein framifrå måte. Han rapporterer snart frå Svalbard, snart frå Antarktis, og i 2018 fekk han ansvaret for å dekke returen til ishavsskuta Maud frå Canada til Vollen i Asker. Som tilknytt utanriksredaksjonen legg han ofte kommentarar på utanlandsk reportasjestoff i mellom anna Dagsrevyen og Urix.

Prisvinnaren er ikkje av dei som stikk seg fram i utrengsmål. I over 30 år har denne smålåtne sogningen likevel gjort ein uvurderleg innsats for god journalistikk på nynorsk og godt språk generelt i NRK. Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2020 går til Eivind Molde, utanriksmedarbeidar i NRK.

Om prisvinnaren
Eivind Molde er oppvaksen i Gulen i Ytre Sogn. Han gjekk gymnas på Os og var i unge år lærarvikar på Os og vikar i NRK Hordaland. Frå 1984 arbeidde Molde som lærar i Alta, der han var med på å starte opp Alta nærradio. Sommaren 1989 var han vikar i NRK Dagsnytt og frå 1990 fast tilsett same stad. Sidan den gongen har Molde arbeidd i NRK. Eivind Molde er medforfattar av fleire bøker om friluftsliv i Oslomarka.

Juryen
Solveig Barstad
, programleiar i TV 2, er leiar for juryen. Ho har med seg Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og professor Øystein A. Vangsnes, ved Universitetetet i Tromsø.

Kunsten
I år får prisvinnaren eit kunstverk av grafikaren Karen Helga Maurstig med tittelen «Vårteikn første bokstav».