3. mai 2018

Grunngjevinga frå juryen

Juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar hadde møte i går og samla seg raskt om å gje prisen til Harald Thingnes i NRK Sporten. I juryen sit nettredaktør Inger Johanne Sæterbakk i Norges Bondelag, professor Øystein A. Vangsnes ved Universitetet i Tromsø og Høgskulen på Vestlandet, og Solveig Barstad, TV2. Ho er leiar for juryen.

Harald Thingnes har vore ein markant historieforteljar i NRK-sporten i 20 år. Han har like lenge, med nokre unnatak, vore nærast ein einsleg minoritet som nynorskbrukar i den bokmålsdominerte sportsredaksjonen. Thingnes har såleis vore eit føredøme for alle nynorskbrukarar som har kome til, og han har vist at nynorsk er svært dugande som “sportsspråk”.

Når det kjem ein fjernsynsreportasje frå Harald Thingnes, veit du at du får noko meir enn eit reint sportsreferat – du får ei kvalitetsprodukt både språkleg og journalistisk. For det er nettopp leik med ord, og samspelet mellom orda og bileta, som har vore Harald Thingnes sitt varemerke, anten han rapporterer frå eit verdscuprenn i langrenn i Tyrol eller frå ein cupkamp i fotball i Alvdal. Ofte ser han noko i eit bilete som han på forunderleg vis kan spele på i forteljinga. Thingnes sine ord og bilete smeltar mange gonger saman til rein forteljarkunst og blir trekt fram som døme på noko mange kan strekkje seg etter, uansett målform. Thingnes har eit overskot av humor og forteljarglede som når langt fleire enn dei mest sportsinteresserte.

Harald Thingnes er oppvaksen i bygda Vevring i Naustdal. Han er språkleg trygg og nyttar nynorsk normaltalemål med ein klår sunnfjordfarge. Harald Thingnes er ein verdig vinnar av Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2018.