10. januar 2017

Gruppeleiar i teknologi

Ingvild Aaen Torpe er tilsett som gruppeleiar i teknologi i Region Vest i NRK. Ho var nynorskpraktikant på kull 12, våren 2010, og hadde ekstern praksis i NRK i Bergen. Torpe har hatt mange ulike jobbar på Minde, og i fleire av dei har ho hatt leiaransvar. No er ho klippar, men ho har også arbeidd som vaktsjef for programmet Førkveld, prosjektleiar for Påskekveld og no sist som redaktør for programmet Superbonden, som nyleg gjekk på NRK 1.

Ingvild Aaen Torpe (1982) kjem frå Voss og byrjar i stillinga 19. juni, då ho for tida har foreldrepermisjon. Før ho vart nynorskpraktikant i 2010 hadde ho ein bachelor i fjernsyn- og multimedieproduksjon frå Universitetet i Stavanger, og grunnfag i medievitskap frå NTNU i Trondheim. Ho hadde vore frilansar og tilkallingsvikar, og arbeidd som nyhendefotograf, manusforfattar og let-regissør, for produksjonsselskapet Monster, TV 2 og NRK Hordaland. Ho søkte seg til NRK Nynorsk mediesenter for å lære seg meir om journalistikk og nynorsk som mediespråk. Ingvild Aaen Torpe fekk fast jobb i NRK i Bergen i 2013.

Torpe vert no ein av to gruppeleiarar under teknologisjefen i Region Vest, som omfattar distriktskontora NRK Rogaland, NRK Hordaland og NRK Sogn og Fjordane.