22. april 2012

Ha det bra, Førde. God dag, Oslo!

Blogging, ja. Arbeidsfolk har ikkje tid til slikt. Er dette òg aller siste blogginnlegg frå Førde? Mest sannsynleg. Så heng med. Kva er nytt? Eg spådde quizar og komler sist gong, og det har det jammen vorte. I tillegg, sjølvklart, til jobbing. Det har vore svært spanande, og stort sett veldig kjekt. TV-jobbing vart eg […]

Blogging, ja. Arbeidsfolk har ikkje tid til slikt. Er dette òg aller siste blogginnlegg frå Førde? Mest sannsynleg. Så heng med. Kva er nytt? Eg spådde quizar og komler sist gong, og det har det jammen vorte. I tillegg, sjølvklart, til jobbing. Det har vore svært spanande, og stort sett veldig kjekt. TV-jobbing vart eg særleg glad i. Spanande å jobbe på lag med fotograf, og på lag med bilete og redigerar i redigeringsrommet etterpå. Eg og Juliane Kravik var til dømes på langtur til Luster for ei tid sidan. Der står det eit enormt og gamalt sjukehusbygg til forfall. Veldig gøy tur, spanande historie, og veldig fin sak å lage. Gav definitivt TV-meirsmak. Kan hende vart ikkje resultatet så ille heller? Sjå reportasjen her. Og desse langturane er noko av det flottaste med praksisperioden ved NRK Nynorsk mediesenter. Eg har fått sett veldig mykje av Sogn og Fjordane – eit fylke eg berre hadde sporadisk kjennskap til før. No kan eg til dømes (sånn halvvegs) vite kva kommune Eivindvik ligg i. Eller kva veg eg skal køyre ut av Førde for å kome meg til Sogndal. Ja, eg er ein fylkesglobetrottar. (Og ja, her er fjell og fjordar.) Så til det aller sistaste nyaste (iallfall av slikt som ein kan skrive om her inne): eg skal til Oslo! Og ikkje berre for å drive dank (vonar eg) – eg skal praktisere alle mine kunster i NRK sin utanriksavdeling. Det var mitt absolutt fyrsteval, så eg er nøgd med at sjefane turte å sende meg dit. Akkurat kva oppgåver eg skal gjere og plattformer eg skal jobbe på, veit eg ikkje heilt. Men eg går to svært spanande månader i møte, og gler meg særs mykje. Det fine (blant fleire ting sjølvklart) med ein sånn redaksjon er at eg kan få prøve meg både på TV, radio og nett. Og så får eg sjå Tomm Kristiansen. Stas. Dette har vore (snart) fire utruleg flotte og spanande månader. Fått opplæring etter alle kunstens reglar, og truffe folk og stader eg elles aldri hadde gjort. Eg er beint fram takksam. Det rima.No skal de (alle de der ute…) få treffe nytt praktikantblod. Sikkert ikkje dumt.