20. oktober 2009

Hagl av leksikon

I staden for å øse meg over at lanseringane kom oppå kvarandre valde eg å ta det som eit godt teikn i tida, for alle som har sakna nynorske leksikon. Eg var med på lanseringa av Allkunne.no, med ein meir eller mindre engasjert avgangsklasse som publikum. På spørsmål om nytteverdien strekte ein seg til å […]

I staden for å øse meg over at lanseringane kom oppå kvarandre valde eg å ta det som eit godt teikn i tida, for alle som har sakna nynorske leksikon. Eg var med på lanseringa av Allkunne.no, med ein meir eller mindre engasjert avgangsklasse som publikum. På spørsmål om nytteverdien strekte ein seg til å seie at han nok trudde det kunne kome til nytte i norsktimane! Eg var litt splitta i hovudet der eg sat. Mintest attende til då vi i NRK Sogn og Fjordane byrja med nettleksikon i 2001. Det var mogeleg på grunn av ein medarbeidar og fylkeskjennar som Ottar Starheim, og pengar frå Sogn og Fjordane Sparebank, Sogn og Fjordane fylkeskommune og nrk.no. Sistnemnde vart med for at opplegget skulle vere ein pilot for eventuelle andre fylkesleksikon rundt om på distriktskontora. Men ingen andre har våga seg i ferd med det. Nettleksikonet for Sogn og Fjordane er eit framifrå døme på slikt som aldri hadde vorte noko av, om vi hadde visst kva det ville koste av tid og pengar. No har det også kome i bokform, og kan settast i ei hylle. Men det som for alltid vil kvile på kontoret sine skuldrer er at nettutgåva skal haldast ved like og fornyast, år ut og år inn. No set dei to medarbeidarar på å få det rusta opp, etter at bokprosjektet har kravt all tid lenge. Deretter skal ein person halde det ved like med ein arbeidsdag i veka. Det er ein tung arv for eit lite distriktskontor, men flott for Sogn og Fjordane.    Før eg slutta som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane gav eg munnleg godkjenning til at Allkunne.no kunne bruke fylkesleksikonet vårt som kjelde for omtale av stoff frå Sogn og Fjordane. Eg har ikkje tenkt meir på det før eg no oppdaga at så ikkje er tilfelle. Det er i alle høve ikkje kreditert under kjelder. Då kjenner eg i øsinga eg let fare over dobbeltlanseringa. Så god råd har vi ikkje i nynorskverda at vi kan drive dobbeltarbeid på denne måten. Eit nettleksikon er ei ”evigheitsmaskin” der vi treng å dra vekslar på kvarandre for å makte jobben. Eg ynskjer lukke til både for www.nrk.no/sfj/leksikon og www.allkunne.no