3. juli 2020

Hans Ivar fekk fast jobb i NRK Trøndelag

Det gjekk ikkje lange tida frå Hans Ivar Moss Kolseth var ferdig som praktikant til han sikra seg fast jobb.

FAST JOBB: Til hausten flyttar Hans Ivar Moss Kolseth til Trondheim for å byrje i NRK Trøndelag. Foto: Rune Fossum Lillesvangstu, NRK

– Eg var førebudd på å måtte jobbe som vikar i fleire år framover. Det å få fast jobb nokre månadar etter at eg var ferdig som praktikant er vanskeleg å beskrive som anna enn heilt utruleg, seier Hans Ivar Moss Kolseth.

25-åringen frå Nordfjordeid var praktikant på kull 31 hausten 2019. Frå nyttår hadde han ekstern praksis i NRK.no, og etterpå heldt han fram der som vikar. Fredag vart han tilsett som fast journalist i NRK Trøndelag.

– NRK Trøndelag har lenge vore langt oppe på lista mi, men eg var førebudd på å måtte vente fleire år på denne moglegheita. No gler eg meg til å bli betre kjent med folka, byen og det gode arbeidsmiljøet. Eg gler meg til å vere ein del av eit sterkt fagmiljø med stor utvikling på fleire område, seier Kolseth.

«Som ein unge på vesle julaftan»

Nordfjordingen har ein bachelor i journalistikk frå Høgskulen i Volda. Han har dessutan journalistisk erfaring frå lokalavisa Fjordingen, Bergens Tidende og Teknisk Ukeblad – i tillegg til NRK, der han det siste året har levert solid journalistikk.

– Vi er særs nøgde med å få ein så kompetent nyheitsjournalist på mediehuslaget, skriv kompetansesjef Merete Verstad i NRK Trøndelag på Workplace.

– Tyholt er ein stad med mykje samarbeid på tvers av redaksjonane. Der eg får moglegheit til å jobbe på fleire plattformer. Å jobbe slik var det viktigaste målet mitt då eg starta på Nynorsk mediesenter. Det vert ein arbeidskvardag som passar meg ypparleg. Eg gler meg som ein unge på vesle julaftan, smiler Kolseth sjølv.

Er takksam for all tilliten

– Kva har mediesenteret betydd for deg?

– Nynorsk mediesenter har betydd svært mykje for meg det siste året. Eg har utvikla meg mykje sidan eg sette fot på loftet i Førde for snart eit år sidan. De har gjeve meg verktøya og vegkarta eg treng for å bli ein journalist som meistrar alle plattformene. De har og gjeve meg større sjølvtillit, noko som vil bety mykje på vegen vidare: Om eg må gå live på TV eller radio, fordjupe meg i postjournalar eller jobbe med etisk kompliserte saker, seier Kolseth.

Han legg til:

– Eg vil og seie takk til NRK.no-gjengen og alle dei andre eg har jobba med på Marienlyst. Eg er særleg takksam for tilliten eg har fått frå sjefane her dei siste månadane. Det er ikkje alle som hadde tort å gje ein fersk journalist så mykje tillit.

I løpet av ei veke har tre tidlegare praktikantar frå NRK Nynorsk mediesenter fått faste jobbar. Tidlegare i veka vart det kjent at Vegard Tjørhom og Espen Moe Breivik har signert kontraktar med høvesvis NRK Innanriks og VGTV. Hans Ivar Moss Kolseth tek til i jobben i NRK Trøndelag ein gong til hausten.