20. november 2014

Hansli ny redaksjonssjef i Økopol

Svein Ove Hansli er tilsett som ny redaksjonssjef i Økopol i NRK Nyhende, etter Rune Alstadsæter, som fekk jobb på Statsministeren sitt kontor. Økopol er forkortinga for redaksjonen for økonomi og politikk.

Hansli var tilsett som nestleiar i Økopol frå 1. september, men vart konstituert som fungerande redaksjonssjef med det same, då Alstadsæter slutta for å gå over i regjeringsapparatet. No er Hansli fast tilsett i stillinga som redaksjonssjef.

Svein Ove Hansli er fødd i 1976, kjem frå Vinje i Telemark og byrja i NRK som nynorskpraktikant på det fyrste kullet til Nynorsk mediesenter i 2004/05. Han hadde ekstern praksis i Dagsnytt, og arbeidde eit halvår i NRK Sogn og Fjordane etter at han var ferdig med halvåret som nynorskpraktikant. Etter det var han tilkallingsvikar i Dagsnytt og seinare i Dagsrevyen. Dei siste fem åra har han vore vaktsjef i Dagsrevyen.