8. mars 2019

Mål om 200 på nynorskkurs

Noralv Pedersen og Rune Fossum Lillesvangstu er på vegen med nye kurs i nynorsk for NRK-journalistar. I løpet av våren får P2, NRK Super, Tyholt og Bergen besøk av den reisande duoen.

Berre i løpet av 2018 var om lag 120 journalistar og andre tilsette i NRK på nynorskkurs i regi av språksjefen, NRK Sogn og Fjordane og NRK Nynorsk mediesenter. No er kurshaldarane Noralv Pedersen og Rune Fossum Lillesvangstu i gang igjen:

Nyleg sette over 20 journalistar og fotografar i NRK Sogn og Fjordane seg på «skulebenken» for nokre timar.

Utover våren blir det dessutan kurs for NRK Hordaland, NRK P2, NRK Super og NRK-redaksjonane på Tyholt i Trondheim. Planen er å halde fram med fleire kurs til hausten.

– Det er inspirerande å reise rundt og halde kurs for så mange engasjerte og kunnskapsrike kollegaer. Å diskutere – og reflektere rundt – språket er noko mange tykkjer det blir for lite tid til i arbeidskvardagen, og det er tydeleg at mange set pris på å få gjere nettopp det på dette kurset, seier Noralv Pedersen.

«Sovande» nynorskbrukarar har vakna

Det som starta opp som eit prøveprosjekt har no enda opp med å vere eit internt kurstilbod for heile NRK. Kurshaldarane var i 2018 innom Bergen, Lillehammer, Porsgrunn, Oslo, Stavanger og Ålesund. Målgruppa for kurset er såkalla «sovande nynorskbrukarar», bokmålsbrukarar på NRK.no og andre nettredaksjonar og nynorskjournalistar som treng oppfrisking av målforma si.

– Kurset har vore uventa godt motteke – både frå nynorsk- og bokmålsbrukarane. Mange har vore glade for å få ei oppfrisking, og mange har sett pris på engasjementet, diskusjonane og det å få dele erfaringar med nynorsk og godt språk generelt. Kurset har dessutan fått fleire «sovande» nynorskbrukarar til å byrje å bruke nynorsk att, seier Pedersen.

Her er nokre av tilbakemeldingane frå kursdeltakarane:

Oppfrisking er veldig bra. Det trong eg!

 

Veldig lettfordøyeleg pedagogikk!

 

Nyttig påminning om reglar!

 

Ikkje kjedeleg for oss litt mindre nerdar!

 

Veldig gode formidlarar!

Noralv Pedersen underviser i nynorsk for redaksjonen i Førde.

Ønskjer å gjere folk stødigare i nynorsk

Emna for kurset er NRK sitt ansvar for nynorsk, nynorskrettskrivinga 2012, kjenneteikn på ein god nynorsktekst, bokmålssmitte, korrekt språk og godt språk. Kurshaldarane har fokus på ein lett og god tone, munnleg undervisning og små øvingar undervegs. Dei har også ein spennande Kahoot-kviss. Målet er å gjere folk stødigare i nynorsk, slik at fleire dristar seg frampå med nynorske tekstar.

– Stortinget har vedteke at NRK skal ha minst 25 prosent nynorsk på alle plattformer, men vi har dei siste åra dessverre sett at pilene peikar feil veg. Eg håpar vi med dette kurset kanskje kan inspirere og gje folk sjølvtillit nok til at fleire vil skrive nynorsk, seier faglærar og kurshaldar Rune Fossum Lillesvangstu.

Kurshaldarane håpar at dei løpet av 2019 skal ha fått med seg over 200 NRK-journalistar på nynorskkurs sidan dei starta opp.