14. september 2017

Har hatt rikssaker i «alle» kanalar

Etter berre nokre veker i jobb har praktikantane hatt saker på NRK.no, Nyhetsmorgen, NRK Hordaland, Nyhetslunsj og NRK Alltid Nyheter – i tillegg til NRK Sogn og Fjordane.

GOD PRODUKSJON: Her er eit lite utval av saker som kull 27 har laga til NRK.no i løpet av dei tre-fire første vekene på NRK Nynorsk mediesenter. Foto: Skjermdump frå NRK.no

-Det er veldig stas å registrere at praktikantane leverer så godt. Det har dei gjort nesten frå dag éin, seier faglærar Rune Fossum Lillesvangstu.

I løpet av tre veker har saker frå kull 27 vore godt synlege i nyheitsbiletet, både lokalt og på nasjonalt plan. Linda Watten var først på lufta i NRK Sogn og Fjordane med ei sak om mattekravet i lærarutdanninga. Kort tid etter var Synne Ulltang ute med ei sak om auka trivsel blant dei eldre på sjukeheim takka vere høns i hagen. Denne saka gjekk også i Nyhetsmorgen på P2, i NRK Hordaland og NRK Alltid Nyheter gjennom store delar av dagen.

Ådne Sandvik Dyrnesli si sak om større snittvekt på laks i Nausta gjekk på radio og nett i Sogn og Fjordane, og det same gjorde saka til Borghild Andersdotter Vevle om manglande plastinnsamling i Sunnfjord.

Arianrhod Engebø laga radiosak om at det har blitt dobbelt så mange veganarar i Norge dei siste åra. Denne saka gjekk både lokalt og i Nyhetslunsj, og ikkje minst fekk ho god plassering då NRK.no plukka opp saka på fronten.

Kull 27 er no i gang med mobiljournalistikk, og dei har ikkje tid til å kvile på laurbæra. Allereie kommande veke går dei i gang med opplæring i filming og redigering til fjernsyn.

KULL 27: Frå venstre Arianrhod Engebø, Borghild Andersdotter Vevle, Ådne Sandvik Dyrnesli, Linda Watten, og Synne Ulltang. Foto: Rune Fossum Lillesvangstu