3. mai 2018

Harald Thingnes får nynorskprisen

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar går i år til Harald Thingnes. – Når det kjem ein fjernsynsreportasje av Harald Thingnes, veit du at du får noko meir enn eit reint sportsreferat, du får eit kvalitetsprodukt både språkleg og journalistisk, skriv juryen. Prisen kom brått på prisvinnaren, som har vore journalist i NRK Sporten i 20 år. – Eg er audmjuk og stolt over å få ein slik pris. Mange av dei tidlegare prisvinnarane er store språklege førebilete. Eg vonar at eg òg kan inspirere andre til å bruke ein levande og god nynorsk, seier Harald Thingnes.

Harald Thingnes (Foto: Ole Kaland/NRK)

Thingnes framhevar NRK som ein god arbeidsplass for å utvikle språket sitt. Han har aldri opplevd det som negativt å vere nynorskbrukar i NRK, sjølv om han i lange periodar har vore den einaste nynorsk-brukaren i NRK Sporten. – Nynorsk har alltid vore det naturlege språket mitt, både privat og profesjonelt. Eg brukar det konsekvent til alt og alle, det finst ikkje noko alternativ for meg. Det er eit fantastisk språk og eg kjenner meg privilegert som fritt kan bruke språket mitt også på jobb, sier Harald Thingnes.

Når fleire enn dei sportsintresserte
Solveig Barstad, i TV 2, er leiar for juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. Ho har med seg nettredaktør Inger Johanne Sæterbakk i Norges Bondelag og professor Øystein A. Vangsnes ved Universitetet i Tromsø og Høgskulen på Vestlandet. Juryen legg vekt på at det er leik med ord, og samspelet mellom orda og bileta, som er Harald Thingnes sitt varemerke, same kva han rapporterer om.

– Thingnes sine ord og bilete smeltar mange gonger saman til rein forteljarkunst, og blir trekt fram som døme på noko mange kan strekkje seg etter, uansett målform. Thingnes har eit overskot av humor og forteljarglede som når langt fleire enn dei mest sportsintresserte, seier juryen.

Harald Thingnes har arbeidd i NRK Sporten i 20 år, og var før det tre år i nyhendeavdelinga i TV Norge. Han vaks opp i Vevring i Naustdal kommune, og i fylgje juryen nyttar han nynorsk normaltalemål med ein klår sunnfjordfarge. – Eg veit kvar eg kjem frå, men tenkjer ikkje på at eg skal bruke dialekta mi. Eg er ein stolt og glad nynorskbrukar, seier Thingnes sjølv. Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk, og vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta, fredag 8. juni.

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar har vore delt ut sidan 2006. Prisen skal fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og som er eit føredøme for andre.