19. desember 2016

Direktør ved Sunnhordland museum

Håvards Tvedte er tilsette som direktør for Sunnhordland museum. Han kjem frå stillinga som kommunikasjonsansvarleg i NCE Maritime CleanTech på Stord. Tvedte byrjar i jobben i januar. Han var nynorskpraktikant på kull sju med nynorskpraktikantar, i 2007/08.

Museet er ein viktig samfunnsaktør for heile Sunnhordland, det skal me bygga vidare på. Eg gler meg til å samarbeida med ekspertisen som finst både på museet og blant publikum i heile regionen – og er klar for å læra mykje i åra som kjem, seier Håvard Tvedte.

Det siste året har Tvedte arbeidd som kommunikasjonssjef i NCE Maritime CleanTech. Verksemda får i år målprisen frå Stord kommune.

– Det er veldig stilig at verdas største nynorskby (Stord) gir oss pris for godt språk. Dagleg får eg brukt mykje av det eg lærte i Førde og NRK, både journalistfagleg og språkleg, seier Håvard Tvedte.

Fortida viktig for framtida

– Eg er heldig som har fått jobba på innsida av eit av dei mest dynamiske innovasjonsmiljøa i Norge, gjennom arbeidet i NCE Maritime CleanTech. Nokre vil kanskje tenkja at eg no går frå å arbeida med framtidas løysingar til å dvela ved fortida. Men fortida spelar ei viktig rolle for framtida. Eg er stolt av sunnhordlandskulturen og det for eksempel industrien har utretta i regionen gjennom historia. Eg veit at dette er grunnlaget for den nyskapinga fleire næringsaktørar aktivt samarbeider om i dag, og den kunnskapen skal me dela, seier Tvedte.

Håvard Tvedte var nynorskpraktikant på kull sju. Han hadde ekstern praksis i Dagsnytt i 2008 og arbeidde der ei tid, før han vart researcher i NRK Researchsenteret. I 2009 fekk han fast arbeid i Stortinget, der han var nestleiar i Stortingsbiblioteket, før han flytta til Sunnhordland i 2015.