17. mars 2016

Heile kull 23 heng med

Kull 23 var ferdige som nynorskpraktikantar til 1. mars, bortsett frå Kjersti Anderdal Bakken, som er sjukmeld på grunn av ein kneskade. No skal kneet opererast og ho har fått seg sommarjobb i Nattradioen på Tyholt. Det er meir stillesittande arbeid enn å farte rundt som reporter, og ho satsar på den jobben etter opptreninga etter operasjonen. Når sommarjobben er over tek ho dei to avtalte månadane i praksis i Norgesglasset i NRK P1.

Dette betyr at heile kull 23 heng med i media framleis. Elise Sunfør Erdal (1986) hadde praksis i Kulturhuset i NRK P2, og held fram som tilkallingsvikar der. I sommar skal ho jobbe som journalist i Reiseradioen i ti veker. I tillegg arbeider ho som lektor i den vidaregåande skulen. Thomas Brakstad (1989) er tilkallingsvikar i NRK Sport, der han óg hadde ekstern praksis og eit kortare vikariat etterpå. Han har fått sommarjobb i NRK Sport. Kjersti Anderdal Bakken (1990) skal vere sommarvikar i Nattradioen før ho gjer ferdig praksistida si som nynorskpraktikant i Norgesglasset til hausten. Even Lusæter (1979) er tilkallingsvikar i NRK Hedmark og Oppland på Lillehammer, og som busett i Vågå skal han halde eit ekstra auge med kva som skjer i norddalen. Line Omland Eilevstjønn (1993) hadde praksis i NRK Telemark, og dei ynskte å tilsette henne i eit vikariat. Men ho vart alt før jul hyra som prosjektleiar for SoMe-satsinga til lokalavisa Vest-Telemark Blad frå 1. mars.