4. mars 2019

Heile kull 29 i arbeid

1. mars var kull 29 ferdige som nynorskpraktikantar og alle har lukkast med å få seg vikariat, truleg over sommaren for alle fem sin del. – Dette var fem dyktige damer og då er det kjekt at fleire enn vi ser det, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Birgitte Vågnes Bakken (1993) hadde ekstern praksis i innanriksredaksjonen/desken i NRK Nyhende på Marienlyst og har fått seg vikariat der til 1. september. Ingvild Aleksandra Eide (1993) hadde ekstern praksis i NRK Hordaland og fekk seg vikariat i Bladet Sunnhordland med det same ho var ferdige med praksistida. Solveig Nyhus Aksnes (1995) hadde ekstern praksis i NRK Møre og Romsdal og held fram der som vikar. Elise Kvien (1996) hadde ekstern praksis i P3Nyhenda på Tyholt og har fått vikariat i direktelinja i NRK Nyhende til over sommaren. Ida Yasin Andersen (1992) hadde ekstern praksis i NRK Hordaland og held fram der som vikar. I Bergen og Ålesund er det ikkje sommarvikarane tilsette enno, men dei som har vore der i praksis har søkt.

57 prosent arbeider i media
Medrekna kull 29 har NRK Nynorsk mediesenter lært opp 145 nynorskpraktikantar og 57 prosent av dei arbeider i media. 39 prosent arbeider i NRK, 14 prosent i aviser/nettstader og fire prosent i andre media (TV2, Radio 1 og frilansarar). 19 prosent arbeider med språk og informasjon. Totalt har 61 tidlegare nynorskpraktikantar fast arbeid i media og 47 av dei er i NRK.