14. januar 2020

Heile kull 32 på plass

Endeleg er heile kull 32 på plass. Forsvaret kunne absolutt ikkje sleppe Sjur Dolve før det var dimmedag sist fredag, difor byrja han ei veke seinare enn dei fire damene på kull 32. Frå venstre Astrid-Amalie Hetland, Sjur Mikal Dolve, Emily Louisa Millan Eide, Guro Brattespe Lahus og Trine Svanholm Misje.

Dei fire damene byrja på opplæringa 6. januar og har fått innføring i dei fleste systema dei skal bruke. Men med ein intensiv dag i data og tekniske system, og god hjelp frå medpraktikantar og faglærarar, reknar vi med at Sjur Dolve snart er på høgde med hine. I kveld skal vi samlast saman med nynorskpraktikantane i Nynorsk avissenter på Fjordamattunet. Det har vorte tradisjon å lage og ete mat i lag hjå Kari Støfringsdal i Jølster, for å bli kjende også utanom sams førelesingar.

Sjå meir om bakgrunnen til kull 32 her