24. september 2019

Fast jobb i NRK Sogn og Fjordane

Fredrik Helland (28) har fått fast stilling som journalist i NRK Sogn og Fjordane. Han var nynorskpraktikant på kull 28, våren 2018.

Etter praksis og sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane i fjor fekk han fast jobb som plassjef for helikopterselskapet Bristow på flyplassen i Florø, der han bur. Frå 1. januar 2020 vert Flora kommune ein del av Kinn kommune og Fredrik Helland kjem attende til NRK Sogn og Fjordane.

Han har frå tidleg ungdom vore engasjert i elevråd, Ungdommens bystyre, partipolitikk og bystyret i Flora for Høgre. Han studerte eksportmarknadsføring ved Universitet i Nordland. I arbeidslivet har han vore innom Statoil og jobba med personellogistikk i to omgangar. Helland har utdanning i Avinor, som AFIS-fullmektig.