Helsingar

Helsingar

 

Arve Sandal, opphav til idéen og var med i prosjektgruppa for Nynorsk mediesenter , fast førelesar og fyrste leiar for Nynorsk avisssenter i Firda/Amedia

 

« NRK fortener ros og takk for at institusjonen har brukt vel 40 millionar kroner desse 10 åra på å få fram gode, nynorskbrukande journalistar. Det har vore eit handslag til nynorsken som eit levande bruksspråk, men også smart rekrutteringspolitikk. Via mediesenteret i Førde har NRK fått tak i allsidige medarbeidarar, ofte med bakgrunn frå bygda og andre fag enn journalistikk.  Mangfald er ein vinnar, ikkje minst i redaksjonen».

Marianne Mikkelsen, leiar for NRK FleRE

 « NRK FleRe fikk god drahjelp av Nynorsk mediesenter da vi startet planleggingen i 2007. Vi kunne i hovedsak kopiere det flotte opplegget som Nynorsk mediesenter allerede hadde testet ut på flere kull ».

Kai Aage Pedersen, distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane (Foto: Arne Stubaug/NRK)

«Hausten 2004 stod dei første praktikantane og venta nervøst i resepsjonen i NRK Sogn og Fjordane sine lokale på Prestebøen i Førde. Ingen visste kva dette skulle bli. Sjølv samanlikna eg det med å gå frå livet som singel til familiefar til ein stor barneflokk frå ein dag til ein annan. Slik er det ikkje i dag, eg veit det kjem til å gå bra med dei fem som no sit smånervøse på morgonmøta våre. Om nokre år møter eg dei att i messa på Marienlyst, då smiler dei og fortel stolt om arbeidet dei gjer for NRK. Slik så mange av dei har gjort dei 10 siste åra».