10. november 2010

Her er førre vekes viktigaste saker

Eg er ferdig med TV. Det enda med fire saker på Vestlandsrevyen.Her kan du sjå sakene eg hadde: Slit med å få fast jobbPolitisk streikManglar fosterheimar Fotballakademi Å lage TV er krevjande, men utruleg moro når ein får det til.Det er så mykje meir ein må tenke på enn elles i journalistikken.Alt frå korleis ein […]

Eg er ferdig med TV. Det enda med fire saker på Vestlandsrevyen.Her kan du sjå sakene eg hadde:

Slit med å få fast jobbPolitisk streikManglar fosterheimar

Fotballakademi

Å lage TV er krevjande, men utruleg moro når ein får det til.Det er så mykje meir ein må tenke på enn elles i journalistikken.Alt frå korleis ein skal bygge opp saka visuelt til korleis ein skal kommentere til bileta. Dessutan dreier TV seg om å komprimere ei sak til eit minimum.Tenk deg at du skal presentere eit sak (til dømes ei konflikt) for eit enormt publikum.Denne saka har du henta informasjon til i fleire timar.Og til presentasjonen får du bare bruke halvanna minutt.I tillegg skal du framføre denne forståeleg og samstundes engasjere dei som ser på. Ja, dette krev at du er skjerpa heile tida. Og ja, det er travelt. Men følelsen ein har når ein er ferdig er god.  Og sjølv om produktet ein har laga varar like lenge som når du pussar tenna dine før du legg deg, føles det rett og slett ut som eit godt dagsverk. Som du sikkert har sett fekk eg dekka litt av kvart då eg jobba med TV.Eg var innom både politisk streik og fosterfamilie-rekruttering. No er eg i gong med radio. Dei fire neste vekene skal eg bidra med å fylle sendeflata til NRK Sogn og Fjordane.Kanskje får eg sende saker til riksflata og?La oss håpe det