13. mai 2013

Her er kull 19

Eirik Hildal, frå Stord, Britt Kristin Ese, Jostedal, Idun Fivelstad, Rindal, Tale Hauso, Odda og Lars Ivar Nordal, Volda, fekk plass på det nittande kullet med nynorskpraktikantar. Her er presentasjonen av dei då opptaket var klart i mai:

    Tale-Hauso-b180Tale Hauso
Fødd i 1991, Odda i Hordaland. Studerer samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Gjennom dette studiet fekk ho høve til å vere praktikant hjå Fiskeriforum Vest, og etter ferdig praksis fekk ho tilbod om fast deltidsstilling som prosjektkoordinator der. Hovudoppgåvene hennar har vore å  skipe til Sjømatkonferansen 2012, vere prosjektleiar for «Vestlandets fellesstand» på Aqua Nor, og ha ansvaret for å oppdatere nettstaden med nyhende.

Tale Hauso har vore aktiv i 4H, elevrådsarbeid på ulike klassetrinn og omvisar på Norsk Vasskraft- og industristadmuseum i Odda, på oddamål/nynorsk, engelsk og tysk.

– Draumen min er å bli journalist. Å få uttrykkje meg både munnleg og skriftleg, og ikkje minst treffe nye menneske kvar dag. Vere ein del av samfunnsdebatten og formidla hendingar i media på hovudmålet mitt nynorsk. No tek eg tak i draumen og søkjer NRK Nynorsk mediesenter, skriv Tale Hauso i søknaden sin.

 

Eirik-Hildal-b180Eirik Hildal
Fødd 1985, Stord i Hordaland. Master i statsvitskap frå Universitetet i Oslo. Masteroppgåva handla om den ideologiske utviklinga i Framstegspartiet frå starten av 1990-talet til i dag. Hildal har ein bachelorgrad i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen. No er han vitskapleg assistent ved Universitetet i Oslo der han er med i tre forskingsprosjekt, som alle handlar om norsk partipolitikk.

Som student i Bergen hadde han praksis i Kommunenes Sentralforbund i Hordaland og fekk jobb som rådgjevar hjå dei etterpå. Elles har han hatt deltidsjobbar, mellom anna i helsevesenet og montøryrket, og aktiv i studentane sitt valstyre ved UiB. Kan engelsk, tysk og spansk.

 

Britt-Kristin-Ese-b180Britt Kristin Ese
Fødd 1985, Jostedalen i Sogn og Fjordane. Lektor ved U.Pihl vidaregåande skule I Bergen. Allmennlærarutdanning frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, master i nordisk språk og litteratur ved Universitet i Bergen, og har elles studert engelsk, kunsthistorie og praktisk informasjonsarbeid.

Ese fekk augo opp for journalistikken då ho var i praksis i Røde Kors i Hordaland, som ein del av studiet i informasjonsarbeid.

– Eg veit det er journalist eg vil bli, men treng å lære det i praksis. Og kva er då betre enn å gjere det ein stad der nynorsk ikkje berre er akseptert, men føretrekt? seier Britt Kristin Ese.

 

Lars-Ivar-Nordal-b180Lars Ivar Nordal
Fødd 1986, Volda i Møre og Romsdal. Snart ferdig med Diplom Operngesang ved Hochschule Fur Musik «Hanns Eiser» i Berlin. Der var han også på ERASMUS-utveksling etter 1. avdeling, bachelor musikk ved Griegakademiet, UiB, Bergen, og før studiar i tysk og fransk ved Høgskulen i Østfold.

Nordal har vore tunassistent i Aasentunet i Ørsta og digitalisert avisa Fedraheimen for Nynorsk kultursentrum. I fjor sommar fekk han sommarjobb i lokalavisa Møre-nytt.

– Eg likte meg veldig godt. Det var fasinerande å ha eigne idear og sjå konsekvensane av dei i avisa. Både opera og journalistikk handlar om formidling, og samstundes gjev studia meg ein bakgrunn som kanskje ikkje er så vanleg i yrket? Nynorsk er morsmålet mitt og sjølvsagt for meg. Men eg har ikkje måtta kjempe så mykje for det i Berlin!

 

Idun-Fivelsdal-b180Idun Fivelstad
Fødd 1987. Frå Rindal på Nordmøre, Møre og Romsdal. Lektor ved Rindal skule,der ho underviser fleire klassesteg i norsk og kroppsøving. Master i nordisk språk ved NTNU i Trondheim,og skreiv masteroppgåve om talemålet til ungdomen i Rindal.

I studietida i Trondheim arbeidde ho fire år i studentradioen Radio Revolt, som kulturredaktør, journalist og litteraturkritikar. Det var der ho fekk smaken på journalistikk og radio. Fivelstad har elles vore omvisar ved Rindal bygdemuseum, engelsklærar og reiseleiar for STS Education.

– Eg hadde bokmål som hovudmål i skulen heilt til eg bytte til nynorsk på vidaregåande. Fekk mykje motbør på det, men også støtte, særleg frå eldre folk i Rindal. Dialekta mi og nynorsk betyr mykje for meg, seier Idun Fivelstad.