26. oktober 2016

Her er kull 25

Kull 25 byrja på opplæringa i Førde 22. august og 24. oktober var dei klare for praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane. Der skal dei arbeide fram til jul, og i byrjinga av november vert det klart kvar dei skal i ekstern praksis etter nyttår. 1. mars 2017 er dei ferdige med halvåret som nynorskpraktikantar.

Det var 46 søkjarar til kull 25 og 14 av dei var inne til konferanse. Her litt om bakgrunnen til kull 25, presentert frå venstre på biletet:

Krista Lien Indrehus, fødd 1989, frå Bømlo i Hordaland. Busett i Trondheim. Ho har master i nordisk språk frå NTNU, og skreiv masteroppgåve om nordmenn med to dialektar. Krista Lien Indrehus har også ei årseining i samfunnskunnskap og praktisk-pedagogisk utdanning frå NTNU. Ho var lektor ved ein vidaregåande skule i Trondheim, og studerte norsk som andrespråk ved NTNU, då ho søkte som nynorskpraktikant i vår. Der var ho ansvarleg for marknadsføringa i Riss, Tidsskrift for språk og litteratur, drive av studentane.

Josef Benoni Ness Tveit, fødd 1997, frå Holmedal, Askvoll i Sogn og Fjordane. Han var ferdig med Hafstad vidaregåande skule i Førde i vår. Han var med i Ung-redaksjonen til lokalavisa Firda, og arbeidde som frivillig under Ungdoms-OL på Lillehammer i vinter. Der var han fotograf på medieteamet. Tveit har vore aktiv i AUF og Røde Kors.

Marte Iren Noreng Trøen, fødd 1990, kjem frå Slidre i Valdres, Oppland. Fram til sommaren var ho lærar på Vang barne- og ungdomsskule og Vang kulturskule. Ho har Bachelor frå Universitetet i Agder, som faglærar i drama, og eit årsstudium i litteratur, film og teater frå same universitetet. Trøen gjekk også lina for musikk og teater på Solbakken folkehøgskule, og har vore med på ei rekkje teateroppsettingar.

Anders Tesdal Galtung, fødd 1994, frå Etne i Sunnhordland. Fullførte ein Bachelor i medievitskap ved Universitetet i Bergen i vår, og skreiv oppgåve om det er rett at riksaviser, med redaksjonelt forbod mot nynorsk, får momsfritak. Han kopla spørsmålet opp mot grunngjevinga for fritaksordninga. Galtung har vore aktiv i Studentradioen i Bergen, som programleiar og produsent i programmet Studentmorgon, og som produsent for humorprogrammet Banal Politikk.

Kathrine Kanta Nygård, fødd 1993 i India, og kom til Longva på Sunnmøre fem månader gamal. Ho har journalistutdanning frå Norges Kreative Høyskole i Oslo, og har vore journalist/frilansar for Eidsvoll Ullensaker Blad, Adopsjonsforum, Gaysir og Magasinet BLIKK. Nygård kom frå jobben som prosjektleiar i Skeiv Ungdom, som rus- og psykisk helse-koordinator. Ho likar seg på scena og har halde på med teaterproduksjon sidan 1999.