21. juni 2016

Hibba programleiar på festspela

Hibba Sarmadawy skal vere programleiar på opningshøgtida til Dei nynorske festspela i Ørsta 23. juni. Det er andre året på rad at ein tidlegare nynorskpraktikant får denne oppgåva, i fjor var det Lars Ivar Nordal som losa oss gjennom programmet på opninga.

Morsmål er emnet for Dei nynorske festspela i Ørsta frå 23. til 26.juni. Hibba Sarmadawy skal også vere med ï programposten Kvardagen med ulike morsmål, fredag 24. juni. Hibba Sarmadawy (1987) kom frå Libanon til Norge som flyktning fem år gamal, med foreldre frå Syria og Libanon. Dei slo seg ned i Øystese i Hardanger, difor fekk Hibba nynorsk som sitt andre morsmål attåt arabisk.

Hibba gjekk NRK Nynorsk mediesenter 2014/15 og hadde ekstern praksis i NRK Dagsnytt. Ho arbeidde i innariksredaksjonen til NRK Nyhende til påska 2016. Etter det har ho vore tilkallingsvikar, no sommarvikar, i NTB. Ynskjer du å vite meir om Hibba finn du det her