20. desember 2013

Semesteroppgåve om oss

Arnt Øyvind Siem har skrive semesteropgåve om NRK Nynorsk mediesenter, ved Høgskulen i Volda, og samstundes skrive historia til nynorskprosenten i NRK.

Siem fekk A på semesteroppgåva «NRK Nynorsk mediesenter – bakgrunn og erfaringar» ved Høgskulen i Volda i går. Han har studert norsk som fordjupningsstudium på nett.

– Det er kjekt at nokon utanfrå ser på jobben vi gjer, og spesielt interessant er det at han samstundes har skrive historia til nynorskprosenten i NRK. Difor handlar denne oppgåva om mykje meir enn oss, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Les oppgåva hans her (klikk midt på biletet for å lese, og trykk Esc for å avslutte):


eller last ned som PDF.