4. mai 2017

Hognaland til Apeland

Ingrid Hognaland er tilsett som rådgjevar i kommunikasjonsselskapet Apeland. Ho kjem frå ein jobb som forskar/analytikar ved Forsvarets forskingsinstitutt. Hognaland var nynorskpraktikant på kull fem, i 2006/07.

Ingrid Hognaland hadde ekstern praksis ved lokalkontoret til NRK Rogaland i Haugesund, og arbeidde der som tilkallingsvikar ei tid etterpå. Ho fekk fast jobb som journalist i Tysvær Bygdeblad og seinare som nettjournalist i Haugesund Avis, før ho utdanna seg til siviløkonom ved Norges Handelshøgskule. Ho var tilkallingsvikar i NRK Hordaland medan ho studerte på NHH. Etter avslutta utdanning våren 2014 fekk ho jobb som forskar/analytikar ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI). Hognaland byrja som rådgjevar i kommunikasjonsbyrået Apeland våren 2017.

– Eg likar måten Apeland jobbar med kommunikasjon på, ved å legge vekt på innsikt og analyse. Som ein del av analysegruppa gler eg meg til å bruke data og analyse til å styrke arbeidet med kommunikasjon ytterlegare, og medverke til å trekke ut essensen og gje liv til tala, seier Ingrid Hognaland i ei pressemelding Apeland har sendt ut.

Ingrid Hognaland er ein av fleire tidlegare nynorskpraktikantar som arbeider som informasjonsfolk og rådgjevarar. Andre er i Språkrådet, Barne- og likestillingsdepartementet, Kirkens Nødhjelp, Røde Kors, Skatt Vest, Norges Bondelag, Norske Kunstforreiningar, Sp si stortingsgruppe, Statistisk Sentralbyrå, Von kommunikasjon og Netlife Research.