6. januar 2012

Høgspenning og lågkarbo på distriktskontoret

Det er fjerde dagen min i Førde, og det kjennest som eg har vore her mykje lenger. Eg begynner å forstå alle dei tidlegare praktikantane som har skrive om loddrette læringskurver ved Nynorsk mediesenter. Her er det rett på sak, opplæringa er intensiv og det gjeld å skjerpe alle sansar for å henge med. Etter […]

Det er fjerde dagen min i Førde, og det kjennest som eg har vore her mykje lenger. Eg begynner å forstå alle dei tidlegare praktikantane som har skrive om loddrette læringskurver ved Nynorsk mediesenter. Her er det rett på sak, opplæringa er intensiv og det gjeld å skjerpe alle sansar for å henge med.

Etter å ha gått gjennom diverse redigeringsprogram tidlegare i veka fekk vi i dag prøve oss som radioreporterar med spontaninnslag frå redaksjonen i første etasjen. Slik fann eg ut kva mediefolket sjølv meiner om det etter kvart så famøse lågkarbokonseptet. Denne øvinga gav absolutt meirsmak!

Trur knapt eg har lært så mykje på så kort tid før, og enno er det berre første veka! Og alt frå måndag er det alvor, då skal vi kunne produsere innslag med tanke på sending. Eg tvilar ikkje eitt sekund på at dette blir skummelt, moro, arbeidskrevjande og himla spennande!