14. september 2012

Høyr radiosakene mine på nett!

Eg går rett på. Her kan høyra tre av radioreportasjene mine! Det har vore fire travle og regnfulle veker i Førde. Vi er komne i gong med produksjonen av radioreportasjar på loftet og morgonrutinene er jobba inn. Klokka fem på åtte går Jon, Marte og eg frå Bettenhuset. Før morgonmøtet les vi litt nyheiter og etter […]

Eg går rett på. Her kan høyra tre av radioreportasjene mine!

Det har vore fire travle og regnfulle veker i Førde. Vi er komne i gong med produksjonen av radioreportasjar på loftet og morgonrutinene er jobba inn. Klokka fem på åtte går Jon, Marte og eg frå Bettenhuset. Før morgonmøtet les vi litt nyheiter og etter morgonmøtet er det anten ut for å gjera intervju, eller så set vi oss framfor redigeringsprogrammet for å setja saman ei sak som etter fleire gjennomlyttingar og tilbakemeldingar kanskje vert godkjent og kjem på lufta. (Hurra! Det er gøy å høyra seg sjølv på radio!)

Etter at dagen er over tuslar vi som oftast tilbake til Betenhuset, varmar ein middag i mikroen og ventar på neste dag. Neida, vi går på quiz, kino eller komletorsdag!