9. oktober 2012

Husk å søka!

  Om du har ein draum om å verta journalist, bør du søkja deg til NRK Nynorsk mediesenter i Førde. Det gjorde nemleg eg i vår, og sidan 20. august har eg rett og slett hatt det gøy kvar einaste dag! – Søknadsfristen er 15. oktober! Les meir om stillinga HER! Hiv deg rundt! Det er […]

 blogg3

Om du har ein draum om å verta journalist, bør du søkja deg til NRK Nynorsk mediesenter i Førde. Det gjorde nemleg eg i vår, og sidan 20. august har eg rett og slett hatt det gøy kvar einaste dag!

– Søknadsfristen er 15. oktober! Les meir om stillinga HER! Hiv deg rundt!

Det er eit svært praktisk opplegg, og du får bryna deg på mykje forskjellig. Vi har opplæring i radio-, nett- og tv-journalistikk samt innføring i arbeidsverktya som NRK nyttar (ENPS, DIGAS, Final Cut Pro og Polypoly). Arbeidsmiljøet er fantastisk og det er veldig kjekt å møta opp på NRK Sogn og Fjordane kvar morgon. Kaffien er innafor også. Vi har eigen arbeidsstasjon med datamaskin (to skjermar!), speilreflekskamera og lydopptakar. Det er viktig å få fram at det ikkje berre er sol og blå himmel, og du kan ikkje kvila deg gjennom dagen. Her må ein stå på og gi flat pedal! Men vi får veldig god oppfølging og nyttige råd på sakene vi lagar, og lærer noko nytt heile tida.

Om du vil verta journalist og er nynorskbrukar, så er du faktisk nødt til å søkje!

Så kan eg jo visa litt kva eg har gjort til no! Tiden flyr og eg har gjort mykje forskjellig. Nokre av sakene eg har laga er sendt på radio, mellom anna; byggjing av ny cruisekai i Olden, rapport frå ein handballkamp og eg har vore på øving med Gaular Minikor. Me har også hatt øvingar i direkterapportering, noko som var hektisk men veldig gøy!

På nettet har eg skrive om ein kommande iPhone-app, og om Elin som har vore jordmor i 30 år på Nordfjord sjukehus.

Forrige veke starta vi med TV-saker, og i dag gjorde eg opptak på Sunnfjord Museum saman med Stine og Marte:

e5e85e1a11ff11e28e1522000a1ea03a_7

Som du ser så er det heilt topp å vera nynorskpraktikant i NRK!