3. januar 2017

I morgon kjem dei

Onsdag 4. januar byrjar kull 26 på opplæringa i Førde, og kull 25 (bilete) i ekstern praksis. Kathrine Nygård skal ha praksis på Superdesken i NRK Super, Anders Tesdal Galtung i NRK Hordaland, og Josef Benoni Ness Tveit i NRK Nordland. Marte Iren Noreng Trøen i NRK Hedmark og Oppland, på Lillehammer, og Krista Lien Indrehus i Norgesglasset, i NRK P1, på Tyholt.

– Det er alltid spennande å ta mot nye kull. Har dei talent og vilje nok til å lukkast er det store spørsmålet, men sidan vi har teke dei inn har vi tru på det. No er det tid for å sjå. Eg reknar med at nynorskpraktikantane er minst like spente som faglærararne og eg, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Kull 25 kjem klokka 10.00 i morgon, og blir proppa fulle av informasjon heile dagen. Om kvelden har vi bedt dei med på middag, saman med leiinga og vaktsjefane i NRK Sogn og Fjordane.

– Samstundes som det nye kullet kjem byrjar det førre i ekstern praksis. Det skal byrje i endå ein ny redaksjon, og på kort tid syne kva dei er gode for. Det kjennest litt som å sende eigne born ut i verda. Det ligg ei uro i oss, sjølv om vi veit at det er flinke folk. Vi tenkjer på dei og håpar – og veit – at mottakinga dei får rundt om er god, seier Magni Øvrebotten.