20. januar 2014
av Randi Indrebø

Idésiling og fokuskoking: ei oppskrift

Alle reportasjar spring ut ifrå ein idé. For ei nyutsproten journalistspire kan det vere ei retteleg utfordring å både klekke ut ein idé og deretter få til å koke velsmakande reportasjesuppe på den.

I dag har eg bladd, klikka, lest, søkt, skrålla, leitt og gravd etter ein slik idé. Eg var innom ein haug med lokalaviser og nettaviser og kommunesider og forskingssider og statistikksider og skulesider og departementsider, og symde rundt i informasjonshavet både lengje og vel. Klokka gjekk og ideane var få. På eit desperat tidspunkt med tom mage og mykje koffein i blodet leika eg med tankjen på å ta utgangspunkt i følgjande forskingsgjennombrot: «Kjempeape kan ha blitt utryddet av frukt.» Men sidan nøkkelspørsmålet for å avgjere om idé kan bli til reportasje vanskjeleg let seg svare på, la eg ballen daud.

Nøkkelspørsmålet er nemleg «kva så?»

  • Kvifor er det viktig at eg formidlar dette?
  • Kven kan ha nytte av å vite det?
  • Kan dette føre til ei endring i korleis folk tenkjer og ser verda omkring seg?
  • Er det relevant for målgruppa mi?

Dette er store spørsmål, men skal ein få til ein bra reportasje, må ein ha eit solid fundament å byggje den på. Derfor bør ein tvinge ein kvar idé gjennom denne saftsilen av spørsmål og koke den ned til éi fokussetning som svarar godt for seg.

Kjempeapeforskinga eg rota meg fram til i dag, kom seg ikkje velberga gjennom saftsilen.